Statsbudsjettet 2015:

26,8 milliardar kroner til vegformål

- Den foreslåtte auken i løyvingar til vegformål gjer det mogleg å styrkje vedlikehald og fornying av riksvegane, slik at ein i 2015 reduserer vedlikehaldsetterslepet for første gong på fleire tiår. Auken gir også rom for at det neste år blir startløyvingar til alle store prosjekt som i oppfølginga av Nasjonal transportplan 2014-2023 er føresett starta i 2015. Regjeringa styrkjer elles planlegginga av nye prosjekt med sikte på mellom anna oppstart av viktige prosjekt for ferjefri E39 og utbyggingar av E6 og E18, seier samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen.

• Regjeringa foreslår i alt 26,8 milliardar kroner til vegformål.
• Veksten er vel 18 prosent  samanlikna med budsjettframlegget som den førre regjeringa la fram for 2014.
• Samanlikna med budsjettet som Stortinget vedtok etter budsjettforliket mellom H/FrP og KrF/V, er veksten på om lag 3 milliardar kroner eller 12,4 prosent
 
- Denne sterke auken gjer det mogleg å styrkje vedlikehald og fornying av riksvegane,  slik at ein i 2015 reduserer vedlikehaldsetterslepet for første gong på fleire tiår. Auken gir også rom for at det neste år blir startløyvingar til alle store prosjekt som i oppfølginga av Nasjonal transportplan 2014-2023 er føresett starta i 2015. Regjeringa styrkjer elles planlegginga av nye prosjekt med sikte på mellom anna oppstart av viktige prosjekt for ferjefri E39 og utbyggingar av E6 og E18, seier samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen.

Foreslåtte statlege løyvingar til fylkesvegane – over budsjetta til Samferdselsdepartementet og Kommunal og moderniseringsdepartementet – er på i alt 2,1 milliardar kroner. Dette er ein auke på 67,6 prosent samanlikna med det forslaget den førre regjeringa la fram for 2014, og ein auke på 33,2 prosent frå vedtatt budsjett. I tillegg foreslår regjeringa  at låne- og investeringsramma for transporttiltak i fylka skal aukast frå to milliardar kroner i 2014 til tre milliardar kroner i 2015. 

-  Fylkesvegane får med dette – til liks med riksvegane – ei sterk satsing på å hente inn vedlikehaldsetterslepet, seier samferdselsminister Ketil Solvik Olsen.

Den foreslåtte løyvinga på vel 26,8 milliardar kroner til vegformål over budsjettet til Samferdselsdepartementet er fordelt slik:

• Om lag 10,5 milliardar  kroner til drift og vedlikehald av riksvegar, trafikant- og køyretøytilsyn og vegforvaltning – ein auke på vel 870 millionar kroner eller 9,1 prosent frå vedtatt budsjett 2014 og 12,3 prosent samanlikna med forslag frå den førre regjeringa.

• Om lag 14,1 milliardar kroner til investeringar på riksvegnettet, medrekna midlar til skredsikring– ein auke på kroner eller 12,3 prosent frå vedtatt budsjett 2014 og 20,2 prosent samanlikna med forslaget frå den førre regjeringa.

• 580,4 millionar kroner som statleg tilskott til skredsikring på fylkesvegnettet 

• 16,5  millionar kroner til  Vegtilsynet – statleg tilsyn med veginfrastrukturen for offentleg veg

• 694,5 millionar kroner til statleg kjøp av riksvegferjetenester

• 445,9 millionar kroner til ”Vederlag for OPS-prosjekt” (årleg statleg godtgjersle til tre  vegutbyggingar i perioden 2005-09  etter modellen ”offentleg-privat-samarbeid, OPS”)

• 221,5  millionar kroner til ”Rentekompensasjon for transporttiltak i fylka”

• 333 millionar kroner infrastrukturtiltak på vegnettet i Nord-Norge – som kompensasjon for auka arbeidsgivaravgift (tiltak og kompensasjon kjem i tillegg til Nasjonal tansporftplan 2014-2023).

Drift og vedlikehald av riksvegar, trafikant- og køyretøytilsyn og vegforvaltning
Innanfor forslaget om å løyve om lag 10,5 milliardar kroner til ”Drift og vedlikehald av riksvegar, trafikant- og køyretøytilsyn m.m” -  har regjeringa prioritert tiltak som gjør vegnettet tryggare, meir påliteleg og driftssikkert, og som dessutan er med på stanse vedlikehaldsetterslepet alt i 2015. 

Midlane er, grovt sett, fordelte slik:

• 3,1 milliardar kroner til drift av riksvegnettet. I drifta inngår mellom anna brøyting, strøing med salt og sand, vegoppmerking, vask og reingjering, oppsetting av skilt, skjøtsel av grøntareal, trafikkstyring og trafikantinformasjon.   

• 2,9 milliardar kroner til vedlikehald av riksvegnettet –  ein auke  på om lag 43 prosent samanlikna med det den førre regjeringa foreslo for 2014. Av dette skal 1 250 millionar kroner nyttast til vedlikehald av vegdekke og vegfundament. Dette vil gi nye vegdekke på om lag 1200 kilometer riksveg. Saman med andre vedlikehalds- og fornyingstiltak - på bruer, i tunnelar, haldeplassar og i tekniske anlegg – fører dette i 2015 til stans i vedlikehaldsetterslepet.

• 1,8 milliardar kroner er sett av til trafikant- og køyretøyområdet i 2015, noko som mellom anna omfattar tenester som blir utførte ved trafikkstasjonane og ulike kontroll- og tilsynsoppgåver. Kontroll av obligatorisk bombrikke for tunge køyretøy er ei oppgåve som vil få særleg prioritet neste år. Det same gjeld for kontroll av såkalla kabotasjekøyring, det vil seie yrkesmessig gods- og persontransport utført av utanlandsregistrerte køyretøy i oppdrag som  er rein innanlands transport.

• Om lag 2,3 milliardar kroner går elles til forvaltning av riks- og fylkesvegnettet, og 400 millionar kroner er sett av til byggherrekostnader for fylkesvegar.

- Regjeringa er opptatt av at Statens vegvesen skal drivast effektivt. Auka løyvingar skal gi betre vegar, ikkje meir byråkrati. Statens vegvesen har eit effektiviseringsprogram der målet er 10-15 prosent reduksjon innan 2023 for dei kostnadene som etaten kan påvirke, samanlikna med venta utvikling utan effektivisering, seier samferdselsministeren.

Investeringar på riksvegnettet: Mange og ulike prosjekt og tiltak 
Dei foreslåtte løyvingane på til saman 14,1 milliardar kroner i statlege løyvingar til investeringar på riksvegnettet, medrekna midlar til skredsikring på riksvegnettet, omfattar ei rekkje ulike prosjekt og tiltak: Om lag 8 milliardar kroner gjeld store vegprosjekt. Resten er fordelt til mellom anna fornyings- og utbetringstiltak, tiltak for gåande og syklande, trafikksikringstiltak langs eksisterande veg, miljø- og servicetiltak, Nasjonale turistvegar og tiltak for kollektivtransport og universell utforming.

Midlar til grunnerverv og planlegging inngår også i investeringsbudsjettet. Planleggingsmidlane går mellom anna til planlegging av viktige prosjekt som er ein del av Ferjefri E39.

Innanfor investeringsbudsjettet er det elles sett av 95 millionar kroner som mogleg statleg bidrag i 2015 til ordninga med bymiljøavtalar, medrekna 25 millionar kroner i statleg bidrag til planlegging av Fornebubanen.

I tillegg til løyvingane over statsbudsjettet er det for 2015 rekna med om lag 7,4 milliardar kroner i bompengar og anna ekstern finansiering av tiltak på riksveg.

Større vegprosjekt
I 2015 vil ein del tidlegare vedtatte prosjekt vere i startfasen, mellom anna :
 
- E18 Riksgrensa – Ørje i Østfold
- E16 Sandvika – Wøyen i Akershus
- E134 Seljord – Åmot i Telemark
- E39 Hove – Sandved i Rogaland
- E6 Helgeland nord i Nordland

For desse to prosjekta er det lagt til grunn statlege midlar og bompengar til anleggsstart i 2015, med atterhald om at Stortinget sluttar seg til eit opplegg for delvis bompengefinansiering:

- E39 Svegatjørn – Rådal i Hordaland
- Riksveg 80 Hunstadmoen – Thallekrysset i Nordland (Bypakke Bodø)

I tillegg er det lagt til grunn statlege midlar og bompengar fra Miljøpakke Trondheim til anleggsstart på prosjektget E6 Jaktøya – Klett – Sentervegen i Sør-Trøndelag.

Statlige midlar og bompengar er også lagt til grunn til førebuande arbeid og anleggsstart for ein del prosjekt som enno ikkje er lagde fram for Stortinget. Prioriteringa er gjort med atterhald om handsaming i Stortinget av opplegg for delvis bompengefinansiering Dette gjeld: 

- E134 Damåsen – Saggrenda i Buskerud
- E16 Bagn – Bjørgo i Oppland
- E6 Vindalsliene – Korporalsbrua i Sør-Trøndelag

Statlege midlar er prioritert til førfebuande arbeid på desse prosjekta, med sikte på anleggsstart i 2016:

- E18 Rugtvedt – Dørdal i Telemark
- E18 Tvedestrand – Arendal i Aust-Agder

Statlege midlar er prioritert til førebuande arbeid på E18 Varoddbrua i Vest-Agder, med sikte på anleggstart så raskt som mogleg.

For Bypakke Nedre Glomma i Østfold tar ein sikte på anleggstart med bompengar i 2015. Regjeringa tar sikte på at forslag om delvis bompengefinansiering skal leggjast fram for Stortinget i løpet av 2015.

2015: Åtte større prosjekt blir opna for trafikk
Desse åtte større riksvegprosjekta blir opna for trafikk i 2015, alle med kostnadsoverslag over 100 millionar kroner:

- Riksveg 22 Lillestrøm – Fetsund i Akershus
- E18 Sydhavna i Oslo
- E134 Skjold – Solheim i Rogaland
- E134 Stordalstunnelen i Hordaland
- E136 Tresfjordbrua i Møre og Romsdal
- E6 Oppdal sentrum i Sør-Trøndelag
- E39 Høgkjølen – Harangen i Sør-Trøndeelag
- E6 Kråkmofjellet i Nordland

Fornyingstiltak – utbetring i tunnelar: Aukar med 105 prosent
Regjeringa foreslår vel 1042 millionar kroner til fornyingstiltak på riksvegane. Midlane vil i  hovudsak bli nytta til tiltak for å ta igjen forfall i vegtunnellar og for oppfylle krav og reglar for tunnlar. 

Innanfor forfeslåtte løyvingar til vedlikehald og utbetringar er det òg sett midlar til tiltak i tunnelar. Saman med midlane til fornying er det dermed lagt opp til å bruke  i alt 1560 millionar kroner til å fornye og utbetre riksvegtunnelar. Dette er ein auke på om lag 960  millionar kroner eller 160  prosent samanlikna med det den førre regjeringa foreslo for 2014.

Særskilte tiltak for trafikksikring: 813 millionar kroner
Til særskilte tiltak for trafikksikring langs det eksisterande vegnettet er det foreslått 813 millionar kroner innanfor investeringsbudsjettet til Statens vegvesen.

Midlane vil i hovudsak gå til tiltak for å hindre dei alvorlegaste ulukkene på riksvegnettet, som møteulukker, utforkøyringsulukker og ulukker med påkjørsel av mjuke trafikantar. Sterkare midtmarkering og bygging av midtrekkeverk er mellom tiltaka. Andre prioriterte tiltak er mellom anna utbetring av sideterreng, vegbelysning og utbetring av kurvar og kryss.

I tillegg til desse særskilde investeringstiltaka langs eksisterande veg kjem den trafikksikringsgevinsten ein får som følgje av utbygging av nye og tryggare vegar, sikringstiltak i tunnellar og skredsikringstiltak. Løyvingane til drift, vedlikehald og trafikant- og køyretøytilsyn er dessutan med på å gjere vegtrafikken tryggare. 
 
Skredsikring: Nær 1510 millionar kroner
Til skredsikring er det føreslått å løyve nær 1510 millionar kroner. Av dette går om lag 930  millionar kroner til tiltak på riksvegar, medan om lag 580 millionar kroner er statleg tilskott til skredsikring på fylkesvegar.

Investeringar – fordelt på transportkorridorar og riksvegstrekningar
I budsjettforslaget er det lagt opp til at det i 2015 skal nyttast om lag  til saman 14 milliardar kroner i statlege midlar til  investeringar på riksvegnettet, medrekna rassikring. I tillegg kjem om lag 7,4 milliardar kroner i bompengemidlar og anna ekstern finansiering.

Dei statlege midlane omfattar ”ordinær budsjettpost for riksveginvesteringar”, posten Skredsikring riksveger  og tre eigne investeringspostar -  for E18 i Bjørvika i Oslo, E16 over Filefjell og E6 Vest for Alta.

Om lag 698 millionar kroner av dei foreslåtte statlege løyvingane til riksveginvesteringar er sette av til såkalla ”ikkje-rutefordelte tiltak”, mellom anna: Tiltak innanfor prosjektet Nasjonale turistvegar, kjøp av reservebrumateriell, forsking og utvikling (80 millionar kroner, medrekna 30 millionar kroner til prosjekt knytt til fjordkryssing på E39) og etatsutgifter knytt til dei store investeringsprosjekta.

Dei samla investeringsmidlane til riksvegnettet, medrekna skredsikring, er fordelte slik:             

Korridor/rute

Statlege midlar
- forslag  
2015
(mill kr)

Ekstern
finansiering
- overslag           2015(bompengar m.v.) 
(mill kr)

Totalt til investeringar                  i 2015 
(mill kr)           

  

1. Oslo - Svinesund/Kornsjø

E6 Riksgrensa/Svinesund - Oslo med tilknytingar

213,9

161

374,9

2. Oslo - Ørje/Magnor

E18 Riksgrensa/Ørje - Oslo

451,0

534

985

E16 Riksgrensen/Riksåsen -Hønefoss og rv 35 Hønefoss  - Hokksund med tilknytingar

427,8

92

519,8

3. Oslo - Grenland - Kristiansand – Stavanger 

E18 Oslo - Kristiansand og E39 Kristiansand - Stavanger med tilknytingar 

1911

1414

3325

4. Stavanger - Bergen - Ålesund – Trondheim 

E39 Stavanger - Bergen - Ålesund med tilknytingar

1181,5

276,2

1435

E39 Ålesund – Trondheim

269,1

 

269,1

Rv 9 Kristiansand - Haukeligrend og rv 13/rv 55 Jøsendal - Voss - Hella – Sogndal

267,3

70,4

337,7

5. Oslo - Bergen/Haugesund med arm via Sogn til Florø

E134 Drammen - Haugesund med tilknytingar

1118,8

1029

2147,8

Rv 7 Hønefoss -Gol og rv 52 Gol – Borlaug

262,5

 

262,5

E16 Sandvika - Bergen med tilknytingar

1125,7

379

1504,7

6. Oslo Trondheim med armar til Måløy, Ålesund og Kristiansund 

E6 Oslo - Trondheim med tilknytingar

2588,8

2544,6

5133,4

Rv 3 Kolomoen – Ulsberg

210,5

 

210,5

Rv 15 Otta – Måløy

26,6

 

26,6

E136 Dombås - Ålesund med tilknytingar

354,9

34,7

389,6

Rv 70 Oppdal – Kristiansund

40,3

 

40,3

7. Trondheim - Bodø med armar mot Sverige 

E6 Trondheim - Fauske med tilknytingar

421,2

351

772,2

8. Bodø - Narvik - Tromsø - Kirkenes med armar til Lofoten og mot Sverige, Finland og Russland 

E6 Fauske  - Nordkjosbotn med tilknytingar

1070,7

264,9

1335,6

E6 Nordkjosbotn - Kirkenes med tilknytingar 

1341,6

 

1341,6

Sum rutefordelte midlar 

13283,2

7150,8

20434

Ikkje-rutefordelte midlar x)

768,0

 

768,0

Sum riksveginvesteringar xx)

14051,2

xxx)

21202

x)  mellom  anna prosjektet ”Nasjonale turistvegar”, innkjøp av reservebruer, forsking og utvikling, og statleg bidrag til bymiljøavtalar
xx) omfattar budsjettposten ”Riksveginvesteringar”, posten Skredsikring riksvegar og særlege budsjettpostar for E16 over Filefjell,  E6 Vest for Alta og E18 i Bjørvika i Oslo
xxx) Ikkje medrekna 230 millionar kroner frå bompengar til ”Vederlag til OPS-prosjekt”

For nærmare opplysningar om prosjekt, løyvingar, kostnader, planleging m.v. - sjå Fylkesvis oversikt over forslag og tiltak i samferdselssektoren.