Historisk arkiv

3 millionar kroner til forprosjekt om nytt toppidrettssenter i Oslo

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Kulturdepartementet

Kulturdepartementet fordelar 3 milionar kroner frå spelemidla til eit forprosjekt for å undersøkje om toppidrettssenteret ved Sognsvann i Oslo kan oppgraderast og utvidast.

Gruppebilete av Øvrebø, Skei Grande og Tvedt
Frå venstre: Toppidrettssjef Tore Øvrebø, kultur- og likestillingsminister Trine Skei Grande og idrettspresident Tom Tvedt Foto: Geir Owe Fredheim, NIF

Formålet med forprosjektet er å få på plass eit beslutningsgrunnlag for ulike utbyggingsmodellar. Regjeringa vil ta stilling til eit vidare engasjement når resultatet frå forprosjektet ligg føre. 

- Olympiatoppen og toppidrettssenteret på Sognsvann har ein stor del av æra for at Noreg gjer det godt i internasjonal toppidrett. Toppidrett er ein del av den statlege idrettspolitikken. Eg ønskjer å bidra til at vi også i framtida kan oppleve norske idrettsprestasjonar i verdsklasse, både når det gjeld idrett for funksjonsfriske og for personar med nedsett funksjonsevne, seier kultur- og likestillingsminister Trine Skei Grande.

- NIF og idretten har varsla at toppidrettssenteret må rustast opp og utvidast. Eg vil bidra til å utgreie korleis vi kan gjere dette. Vi brukar no tre millionar kroner frå spelemidla til delfinansiering av eit forprosjekt som skal inngå i beslutningsgrunnlaget for vidare framdrift, seier Skei Grande.

Skei Grande understrekar at tilskotet til forprosjektet ikkje inneber lovnad om meir støtte til prosjektet. Regjeringa vil ta stilling til eventuell vidare oppfølging når resultatet frå forprosjektet er gjennomført, og ulike utbyggingsalternativ med kostnadsestimat ligg føre.