Historisk arkiv

30 millionar til rehabilitering av Vikingskipet på Hamar

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Kulturdepartementet

- Med denne løyvinga legg vi til rette for at Hamar framleis skal vere ein av skøytemetropolane i verda, seier kulturminister Linda Hofstad Helleland.

Gruppebilde av Varaordfører i Hamar Knut Fangberget, kulturminister Linda Hofstad Helleland og frivillig under Ungdoms-OL Jane Meyer, med ishallen i Vikingskipet i bakgrunnen.
I Vikingskipet: Varaordfører i Hamar Knut Fangberget, kulturminister Linda Hofstad Helleland og frivillig under Ungdoms-OL Jane Meyer. Foto: Andreas Bjørklund/Kulturdepartementet

I løpet av 2016 skal Vikingskipet få på plass eit nytt dekke for islegging.  Kulturdepartementet gir 30 millionar kroner til rehabiliteringa, beløpet vil dekke nær halvparten av kostnadene.

- Vikingskipet er eitt av sju idrettsanlegg som har status som nasjonalanlegg. Anlegget er 24 år gamalt og dekket i hallen må rehabiliterast no, slik at vi har eit godt anlegg for hurtigløp på skøyter også i framtida, seier kulturministeren.

Med det nye dekket på plass vil Vikingskipet mellom anna vere klar som arena for VM på skøyter i 2017.

Kostnadane for rehabiliteringa kjem på totalt 61 millionar kroner, og blir delt mellom Hamar kommune og Kulturdepartementet. Dette er i samsvar med nasjonalanleggsavtalen, der Kulturdepartementet kan bidra med inntil 50 prosent av slike kostnadar.