Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

300 fleire arbeidslause i november

Nye tal frå Arbeids- og velferdsdirektoratet syner at arbeidsløysa i november framleis held seg på et lågt nivå.

Det blei om lag 300 fleire arbeidslause i november. Målt som del av arbeidsstyrken var den sesongjusterte registrerte arbeidsløysa 2,2 prosent i november, det same som i dei tre føregåande månadene. Medan talet på arbeidslause aukar litt, held summen av heilt ledige og ledige på tiltak seg om lag uendra frå førre månad.  

– Det er positivt å sjå at talet på ledige er lågt, men vi veit at det framleis er mange utanfor arbeidslivet som har mykje å bidra med. Difor har regjeringa styrka innsatsen for å inkludere fleire, mellom anna gjennom inkluderingsdugnaden, seier arbeids- og sosialminister Anniken Hauglie.

Det siste året har arbeidsløysa falle mest for ledige med bakgrunn frå ingeniør- og IKT-fag.

Sjå nav.no for meir info. 

Til toppen