Historisk arkiv

Statsbudsjettet 2022

321 millionar kroner meir i frie inntekter til Troms og Finnmark neste år

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Kommunal- og moderniseringsdepartementet

Regjeringa foreslår ein vekst på to milliardar kroner i kommunesektoren sine frie inntekter i 2022. Veksten i frie inntekter er fordelt med 1,6 milliardar kroner til kommunane og 0,4 milliardar kroner til fylkeskommunane. − Dette set kommunesektoren i stand til framleis å levere gode tenester etter at samfunnet er opna att. No skal vi saman ut av pandemien, seier kommunal- og moderniseringsminister Nikolai Astrup.

Tabellen viser fordelinga av dei frie inntektene for kommunane i Troms og Finnmark og Troms og Finnmark fylkeskommune og den nominelle veksten frå 2021 til 2022. Veksten er rekna frå eit oppdatert anslag på dei frie inntektene i 2021. Anslaget inkluderer ei justering av skatteinntektene for kommunesektoren i 2021 på 5,9 milliardar kroner, samanlikna med anslaget på skatteinntekter i revidert nasjonalbudsjett 2021.

For å gjere inntektsnivået i 2021 samanliknbart med inntektsnivået i 2022, er det korrigert for oppgåveendringar, regelendringar og endringar i finansieringa av oppgåvene til kommunesektoren. Dei ekstraordinære løyvingane til kommunesektoren i 2021 i samband med virusutbrotet, er ikkje rekna med i inntektsnivået for 2021.

Variasjonen i veksten mellom kommunar og mellom fylkeskommunar kan i all hovudsak forklarast med utvikling og endring i befolkninga og endringar i skjønnstilskotet og dei regionalpolitiske tilskota. For små kommunar kan mindre endringar gje store utslag i anslaget på vekst målt i prosent.

  Anslag på Vekst frå anslag
  frie på rekneskap 2021 - 2022
Kommune inntekter  Nominelle Prosent
  2022 kroner  
  (1000 kr) (1000 kr)  
  1 2 3
       
5401 Tromsø 4 512 177 15 658 0,3
5402 Harstad 1 568 090 18 767 1,2
5403 Alta 1 454 306 28 325 2,0
5404 Vardø 165 363 1 572 1,0
5405 Vadsø 398 567 3 735 0,9
5406 Hammerfest 837 965 10 101 1,2
5411 Kvæfjord 218 855 4 455 2,1
5412 Tjeldsund 326 870 7 628 2,4
5413 Ibestad 115 321 1 388 1,2
5414 Gratangen 95 977 772 0,8
5415 Lavangen 99 447 1 016 1,0
5416 Bardu 269 570 2 103 0,8
5417 Salangen 160 192 4 448 2,9
5418 Målselv 442 861 4 629 1,1
5419 Sørreisa 226 849 2 694 1,2
5420 Dyrøy 100 294 414 0,4
5421 Senja 1 113 596 17 890 1,6
5422 Balsfjord 397 341 3 865 1,0
5423 Karlsøy 184 303 3 296 1,8
5424 Lyngen 235 798 1 469 0,6
5425 Storfjord 156 687 1 054 0,7
5426 Kåfjord 168 094 2 111 1,3
5427 Skjervøy 223 777 2 955 1,3
5428 Nordreisa 334 448 3 018 0,9
5429 Kvænangen 123 317 1 421 1,2
5430 Kautokeino 251 163 2 562 1,0
5432 Loppa  100 673 1 473 1,5
5433 Hasvik 104 041 911 0,9
5434 Måsøy 119 281 1 137 1,0
5435 Nordkapp 240 985 3 568 1,5
5436 Porsanger 283 412 7 470 2,7
5437 Karasjok 214 608 4 207 2,0
5438 Lebesby 132 790 1 837 1,4
5439 Gamvik 107 696 385 0,4
5440 Berlevåg 93 474 367 0,4
5441 Tana 238 099 2 141 0,9
5442 Nesseby 97 511 560 0,6
5443 Båtsfjord 174 381 3 254 1,9
5444 Sør-Varanger 680 967 6 104 0,9
Til fordeling gjennom året 56 000    
Troms og Finnmark 16 825 147 195 756 1,2
       
Troms og Finnmark fylkeskommune  5 528 103  124 902 2,3

Første kolonne:
Viser overslag på kor mykje kvar kommune og fylkeskommune får i frie inntekter i 2022, målt i 1 000 kroner.

Andre kolonne:
Viser overslag på vekst frå anslag på rekneskap for 2021 til anslag for 2022 i statsbudsjettet, målt i nominelle kroner. Veksten er korrigert for endringar i oppgåvene til kommunane.

Tredje kolonne:
Viser den nominelle oppgåvekorrigerte veksten målt i prosent.