35 millionar kroner i auka tilskot til ni museum

Informasjon om koronasituasjonen endrar seg raskt og kan derfor vere utdatert.

Sjekk temasida Koronasituasjonen for siste nytt frå regjeringa, eller Helsenorge.no for oversikt over råd og reglar om koronaviruset. 

For å oppretthalde museumsaktivitet og sikre at museumstilsette kan være i arbeid fordeler regjeringa 35 millionar kroner i auka tilskot til ei rekkje museum under Kulturdepartementet sitt budsjett.

Det er museum som har under 60 prosent offentleg finansiering som får auka driftstilskot for å avhjelpa ein vanskeleg driftssituasjon. Desse har til no søkt kompensasjonsstønad frå ulike stønadsordningar

– Vi gjer dette fordi vi ser at desse musea går ei vanskeleg tid i møte. Vi ønskjer å sikre føreseielege økonomiske rammer for at dei skal kunne halde aktiviteten oppe og tilsette i arbeid, seier kultur- og likestillingsminister Abid Q. Raja.

Dei offentlege finansierte musea er ein viktig del av vår kulturelle infrastruktur. Mange av dei er heilt avhengige av eigeninntekt for å kunne drive på ein forsvarleg måte og gi eit godt tilbod til publikum.

Dette er ei gruppe museum som gjennom mange år med hardt arbeid har vore flinke til å skaffe høge eigeninntekter. Med bortfall av utanlandske turistar, stengde dører og generell besøksnedgang er det vanskeleg for musea å generere nok eigeninntekt til å sikre forsvarleg museumsdrift. Samstundes er ikkje dei andre stimulerings- og kompensasjonsordningane innretta slik at desse musea blir varetatt på ein tilfredsstillande måte. Dette går hardt utover arbeidsplassar og publikumstilbod.

Regjeringa aukar derfor tilskotet til ni av musea under Kulturdepartementet som per 2019 hadde under 60 prosent offentleg finansiering. Tilskotet er rekna ut etter same modell som blei brukt for musea med over 60 prosent offentleg finansiering i budsjettet for 2021.

Stønaden blir fordelt slik per institusjon:                                                                                         

Namn på institusjon

 Beløp
(i 1000 kroner)

Norsk Folkemuseum

12 249

Henie Onstad Kunstsenter

1 701

Blaafarveværket

3 938

Baroniet Rosendal

2 653

Norsk Luftfartsmuseum

1 404

Museum Nord

8 379

Astrup Fearnley Museet

2 446

Skibladner

2 067

Norsk Skogfinsk Museum

84

 

Kultur- og likestillingsminister Abid Q. Raja har i dag presentert ei ny museumsmelding Musea i samfunnet – Tillit, ting og tid. Sjå pressemelding og statsrådens presentasjon av meldinga