362 millionar kroner til utbygging av breiband i heile Noreg

Dette innhaldet er meir enn 1 år gammalt.

Kommunal- og distriktsdepartementet har fordelt 362 millionar kroner til utbygging av breiband i heile Noreg. – Utbygginga av breiband skjer i stort tempo. Samstundes ser vi at det krevst høgare prioritet av statlege midlar i område der det kommersielle grunnlaget for utbygging ikkje er til stades, slik at vi kan sikre god dekning i heile Noreg. Alle fylke får auka løyving, men fylke med mange distriktskommunar og få folk på store areal vert i sterkare grad enn før prioritert, seier kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik (Sp

Stortinget fastsette i slutten av desember ei løyving til breibandutbygging på 362,7 millionar kroner. Dette er ein auke på nær 60 millionar kroner frå 2022.

– Tilgang til breiband er avgjerande for næringsliv, busetnad og arbeidsplassar, både i sentrale område og i distrikta. Breiband til alle er derfor ein føresetnad for å kunne ta ut dei store samfunnsgevinstane som ligg i digitaliseringa, seier Gjelsvik.

Regjeringa har som mål at alle skal ha tilgang til høghastigheitbreiband i 2025.  Det er særleg viktig at dei mindre sentrale kommunane i landet blir prioriterte i utbygginga. Fordelinga mellom fylka tar derfor omsyn til om fylket har mange kommunar i sentralitetsklasse 5 og 6 i SSBs sentralitetsindeks.

– Dette er distriktskommunar som er kjenneteikna av at det bur få folk på store areal. Dette gjer at det blir lange avstandar mellom folk, arbeidsplassar og tenester, seier Gjelsvik.

Støtteordninga for breiband er eit spleiselag mellom kommunar, staten og utbyggjarar. Det blir stilt krav om at kommunar/fylkeskommunar skal bidra med eit beløp som svarer til minst 30 prosent av det statlege bidraget. I tillegg bidreg utbyggjarar med midlar. Utbyggjaren sin del blir fastsett gjennom offentleg utlysing av prosjekta.

Det er private utbyggjarar som står for hovuddelen av investeringane i mobil- og breibandnett i Noreg. I 2021 blei det investert over 13 milliardar kroner i denne infrastrukturen, av dette over 8 milliardar kroner i fastnett.  Det statlege tilskotet legg til rette for utbygging av breiband i område der det ikkje er kommersielt grunnlag for slik utbygging.

I tillegg til dei 362,7 millionar kronene som er løyvd for 2023, har nokre av fylkeskommunane bedd om å få lov til å bruke midlar frå tidlegare år i ordninga for 2023, fordi dei tidlegare EU-reglane som gjaldt for utbygging skapte utfordring for mange utbyggingsprosjekt. Dette har departementet lagt til rette for, og det betyr at fylkeskommunane samla sett har om lag 600 millionar kroner som skal brukast under 2023-ordninga.

Les meir om fordelinga av breibandmidlane på Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit sine nettsider