Historisk arkiv

370 millionar kroner til ferie- og fritidsaktivitetar

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Barne- og familiedepartementet

I dag blir 176 millionar kroner delt ut til ulike ferie- og fritidsaktivitetar for barn og unge. Totalt har regjeringa løyvd 370 millionar kroner til Nasjonal tilskotsordning for å inkludere barn og unge i 2021.

Ordninga, som blei styrkjt med 46,5 millionar kroner i 2021, skal bidra til å gje barn og unge mogelegheit til å vere med på ferie- og fritidsaktivitetar uavhengig av inntekta til foreldra.

– Eg er glad for at barn over heile landet kan få tilbod om gode ferie- og fritidsaktivitetar. Her kan dei bli inkludert i eit fellesskap, skape venskap og oppleve meistring, seier barne- og familieminister Kjell Ingolf Ropstad (KrF).

Under pandemien har det ikkje vore mogeleg å oppretthalde aktivitetane og tilboda på normalt nivå. Samstundes har mange organisasjonar, aktørar og frivillige jobba for å gje eit tilbod.

– Dei frivillige, kommunar og private aktørar gjer ein utruleg viktig jobb for mange barn og unge. Eg er imponert over den innsatsen dei har gjort det siste året med å tilpasse aktivitetane til gjeldande smittevernreglar, seier Ropstad.

Tidlegare i år fekk 50 organisasjonar innvilga støtte. I dag er det over 600 søknadar med fleire forskjellige tiltak og aktivitetar som får støtte i 260 ulike kommunar.

I år har rekordmange kommunar meldt seg på ordninga. Om lag 2/3 av dei utbetalte tilskota går til frivillige organisasjonar, medan offentlege instansar og private aktørar òg er blant tilskotsmottakarane.

Her er nokre av tiltaka som får tilskot i denne runda:

  • Kongesommar – ferietiltak for barn og unge mellom 8-17 år (Sandnes kommune)
  • UngJobb – hjelpe ungdom inn på arbeidsmarknaden (Kirkens bymisjon i Kristiansand)
  • Førebyggjande tiltak: inkludering barn og unge - aktivitetar retta mot utsett ungdom (Balsfjord kommune)
  • Energitanken – heilårstilbod med ulike aktivitetar for barn og unge mellom 13-19 år busett i Øvre Eiker kommune (Vestfossen idrettsforening)
  • Opplev naturen - friluftsaktivitetar for barn og unge med familiar i Ringerike kommune (Fossen Friluft AS)

Du finn heile oversikta på Bufdir sine nettsider: Tildelinger 2021 (bufdir.no)