Historisk arkiv

Statsbudsjettet 2022

392 millionar kroner meir i frie inntekter til Møre og Romsdal neste år

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Kommunal- og moderniseringsdepartementet

Regjeringa foreslår ein vekst på to milliardar kroner i kommunesektoren sine frie inntekter i 2022. Veksten i frie inntekter er fordelt med 1,6 milliardar kroner til kommunane og 0,4 milliardar kroner til fylkeskommunane. − Dette set kommunesektoren i stand til framleis å levere gode tenester etter at samfunnet er opna att. No skal vi saman ut av pandemien, seier kommunal- og moderniseringsminister Nikolai Astrup.

Tabellen viser fordelinga av dei frie inntektene for kommunane i Møre og Romsdal og Møre og Romsdal fylkeskommune og den nominelle veksten frå 2021 til 2022. Veksten er rekna frå eit oppdatert anslag på dei frie inntektene i 2021. Anslaget inkluderer ei justering av skatteinntektene for kommunesektoren i 2021 på 5,9 milliardar kroner, samanlikna med anslaget på skatteinntekter i revidert nasjonalbudsjett 2021.

For å gjere inntektsnivået i 2021 samanliknbart med inntektsnivået i 2022, er det korrigert for oppgåveendringar, regelendringar og endringar i finansieringa av oppgåvene til kommunesektoren. Dei ekstraordinære løyvingane til kommunesektoren i 2021 i samband med virusutbrotet, er ikkje rekna med i inntektsnivået for 2021.

Variasjonen i veksten mellom kommunar og mellom fylkeskommunar kan i all hovudsak forklarast med utvikling og endring i befolkninga og endringar i skjønnstilskotet og dei regionalpolitiske tilskota. For små kommunar kan mindre endringar gje store utslag i anslaget på vekst målt i prosent.

  Anslag på Vekst frå anslag
  frie på rekneskap 2021 - 2022
Kommune inntekter  Nominelle Prosent
  2022 kroner  
  (1000 kr) (1000 kr)  
  1 2 3
       
1505 Kristiansund 1 438 069 23 940 1,7
1506 Molde 1 995 966 28 179 1,4
1507 Ålesund 4 007 763 56 147 1,4
1511 Vanylven 222 172 -214 -0,1
1514 Sande 176 433 -812 -0,5
1515 Herøy 556 452 5 562 1,0
1516 Ulstein 534 099 11 589 2,2
1517 Hareid 327 900 6 752 2,1
1520 Ørsta  673 813 14 732 2,2
1525 Stranda 292 589 1 849 0,6
1528 Sykkylven 448 715 3 443 0,8
1531 Sula 596 956 4 607 0,8
1532 Giske 528 840 13 995 2,7
1535 Vestnes 439 165 8 574 2,0
1539 Rauma 466 620 6 082 1,3
1547 Aukra 234 653 2 002 0,9
1554 Averøy 356 999 6 162 1,8
1557 Gjemnes 183 930 1 929 1,1
1560 Tingvoll 219 225 1 432 0,7
1563 Sunndal 461 259 4 889 1,1
1566 Surnadal 385 740 10 696 2,9
1573 Smøla 160 134 1 599 1,0
1576 Aure 275 204 -1 575 -0,6
1577 Volda 685 427 10 295 1,5
1578 Fjord 209 967 2 175 1,0
1579 Hustadvika 854 867 7 703 0,9
Til fordeling gjennom året 34 350    
Møre og Romsdal 16 767 306 249 033 1,5
       
Møre og Romsdal fylkeskommune  5 068 971 143 345 2,9

 

Første kolonne:
Viser overslag på kor mykje kvar kommune og fylkeskommune får i frie inntekter i 2022, målt i 1 000 kroner.

Andre kolonne:
Viser overslag på vekst frå anslag på rekneskap for 2021 til anslag for 2022 i statsbudsjettet, målt i nominelle kroner. Veksten er korrigert for endringar i oppgåvene til kommunane.

Tredje kolonne:
Viser den nominelle oppgåvekorrigerte veksten målt i prosent.