Historisk arkiv

Revidert nasjonalbudsjett:

4 millionar i tilskot til samejubileet Tråante 2017

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Kulturdepartementet

Den 6. februar 2017 er det 100 år sidan det første samiske landsmøtet vart halde i Trondheim. Tråante 2017 er ei nasjonal markering og ei felles feiring av demokratiske verdiar. Regjeringa bidrar i revidert nasjonalbudsjett med 4 millionar kroner til feiringa.

Trondheim kommune, Sør-Trøndelag fylkeskommune og Sametinget har gått saman om ei storstilt jubileumsmarkering i Trondheim 6. februar 2017. Gjennom heile 2017 vil det óg vere arrangement og markeringar på ulike stader i Sápmi. Programmet er variert og skal spegle breidda som finst i samisk kultur, språk, næring og historie i eit 100-års perspektiv.

Elsa Laula Renberg, ei leiande kvinne i samerørsla, tok initiativet til landsmøtet i 1917. Landsmøtet samla for første gong i historia samar på tvers av landegrensene, til eit felles møte for å drøfte saker som dei var opptekne av. Det første landsmøtet er ei viktig hending i historia til samefolket. Det var starten på den samiske bevisstgjeringa, og på den lange prosessen mot folkerettslege og demokratiske verdiar for samar og ikkje-samar i dei samiske områda. 6. februar vart seinare valt som dato for Samefolkets dag, og er felles for alle samar i Noreg, Sverige, Finland og Russland. Datoen har sidan 2003 også vore offisiell flaggdag i Noreg.