Statsbudsjettet 2019:

40 millionar til dei teknisk-industrielle institutta

Regjeringa foreslår å gi 40 millionar kronar ekstra i året til dei teknisk-industrielle forskingsinstitutta.

– Noreg kan aldri konkurrere om å bli billegast. Men vi kan konkurrere om å bli best. Da er det heilt avgjerande at vi har forskings- og utdanningsinstitusjonar som kan levere solid forsking til næringslivet, seier næringsminister Torbjørn Røe Isaksen.

Forskingsinstitutta er ein del av regjeringa si storsatsing på forsking og innovasjon. Dei teknisk-industrielle institutta er den klart største gruppa, og dekkjer eit breitt fagområde innanfor naturvitskap og teknologi. Dei opererer ofte på internasjonalt nivå, og er ein viktig aktør for å hente heim ny kunnskap til norsk næringsliv. Eksempel på slike institutt er SINTEF, Norges Geotekniske Institutt, Institutt for Energiteknikk og Norce.

Inntektene til dei teknisk-industirelle forskingsinstitutta kjem i stor grad frå oppdrag frå etablerte verksemder. For å utvikle kompetanse på nye felt der etterspurnaden etter forsking enno er liten, treng institutta meir pengar. Den foreslåtte årlege auken er ein del av opptrappingsplanen for den reviderte langtidsplanen for forsking og høgare utdanning.

– Målet er at vi skal få enda meir forsking som kan vere med på å styrkje næringslivets konkurransekraft ved at bedriftene blir grønnare, smartare og meir nyskapande, seier næringsminister Torbjørn Røe Isaksen.

Til toppen