Historisk arkiv

400 færre heilt ledige i september

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Arbeids- og sosialdepartementet

Nye tal frå Arbeids- og velferdsdirektoratet syner at det blei i underkant av 400 færre heilt ledige i september, justert for sesongsvingingar.

Målt som del av arbeidsstyrken var den sesongjusterte registrerte arbeidsløysa 2,2 prosent i september. Det er uendra samanlikna med førre månad. Summen av heilt ledige og ledige på tiltak fall med om lag 600 personar i same periode.

– Vi ser at fylka på Vestlandet som blei hardest ramma av oljenedturen no ligg på eller under landsgjennomsnittet, seier arbeids- og sosialminister Anniken Hauglie og legg til:

– Vi treng at mange fleire deltek i arbeidsmarknaden. Derfor har regjeringa styrka innsatsen for å inkludere fleire, mellom anna gjennom ein dugnad for at personar med nedsatt funksjonsevne eller hol i CV-en enklare skal kome i jobb.