Historisk arkiv

Kommunale råd for menneske med nedsett funksjonsevne

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Arbeids- og inkluderingsdepartementet

Dei nye kommunestyra og fylkestinga som blir valt til hausten skal velje råd eller ei anna representasjonsordning for menneske med nedsett funksjonsevne. Lova om dette blir satt i kraft frå 10. september.

– Det er fint at alle kommunane og fylkeskommunane får slike råd. Menneske med nedsett funksjonsevne veit best kva ein må gjere for at dei skal kunne delta i samfunnet på lik linje med andre. Råda skal hjelpe oss å bruke denne kunnskapen på ein god måte, seier arbeids- og inkluderingsminister Bjarne Håkon Hanssen.

Kommunane og fylkeskommunane skal etter lova sørgje for at menneske med nedsett funksjonsevne blir sikra open, brei og tilgjengeleg medverknad i arbeidet med saker som er særleg viktige for dei. Dette gjeld mellom anna tilkomst, arbeid mot diskriminering på grunnlag av nedsett funksjonsevne og tenester for funksjonshemma. For dette formålet skal kommunane og fylkeskommunane opprette råd eller anna representasjonsordning for menneske med nedsett funksjonsevne.

Lova blei vedteke i 2005 og skal altså gjelde frå neste kommunestyreperiode. Om lag halvparten av kommunane har allereie slike råd, som dei har oppretta utan lovpålegg.

Kommunane og fylkeskommunane har etter lova stor fridom til å utforme råda slik dei sjølve synes er best. Dei kan også velje andre løysingar enn tradisjonelle råd. Små kommunar kan ha felles råd, og det går an å ha felles råd for eldre og menneske med nedsett funksjonsevne.

Kommunane og fylkeskommunane må drøfte med organisasjonane for menneske med nedsett funksjonsevne kva slag råd dei skal ha. Om ei ordning skal fungere godt, må ho ha legitimitet. Dersom eit felles råd for eldre og menneske med nedsett funksjonsevne er aktuelt, må organisasjonane til dei eldre også være med i drøftingane.