Historisk arkiv

5,9 milliardar til innvandringsområdet

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Pressemelding

Nr.: 149/2003
Dato: 08.10.2003

Statsbudsjettet 2004

5,9 milliardar til innvandringsområdet

Framlegget frå Regjeringa til budsjett for programkategorien Innvandring for neste år er på 5,9 milliardar kroner. Dei største utgiftspostane på dette feltet er knytte til integreringstilskotet som kommunane får utbetalt når dei buset flyktningar (2,9 milliardar kroner), til drift av mottak for asylsøkjarar (1,2 milliardar kroner) og til norskopplæring for vaksne innvandrarar (1 milliard kroner).

Budsjettframlegget inneber ein auke på 27 prosent, eller 1,2 milliardar kroner, i høve til budsjettet som vart vedteke hausten 2002. Denne auken kjem i hovudsaka av at Kommunal- og regionaldepartementet frå 2004 tek over ansvaret for løyvinga til norskopplæring for vaksne innvandrarar frå Undervisnings- og forskingsdepartementet, i tillegg til standard prisjustering.

Løyvinga på feltet i 2003 vart auka med 742 millionar kroner i Revidert nasjonalbudsjett i juni i år, i hovudsaka som følgje av at fleire asylsøkjarar sat i mottak. Dermed representerer budsjettframlegget frå Regjeringa for 2004 ein reduksjon på noko over 500 millionar kroner i høve til budsjettet for i år, når ein ser bort frå løyvinga til norskopplæring for vaksne innvandrarar.

Introduksjonsordninga er ei viktig reform som skal medverke til betre integrering av nykomne innvandrarar i Noreg. Ordninga har frå 1. september i år vore frivillig for kommunane. Frå 1. september 2004 blir ho obligatorisk. Derfor gjer Regjeringa framlegg om at det blir avsett 30 millionar kroner til tiltak som stør opp om kommunale introduksjonsprogram i dei kommunane som no tek introduksjonsordninga i bruk.

Regjeringa føreslår 5 millionar kroner til styrking av frivillig verksemd for og blant innvandrarar. Satsinga er ein del av tiltaksplanen Regjeringa set i verk mot fattigdom.

For å gje innvandrarane betre føresetnader for å kunne vere aktivt med i samfunnet har kommunal- og regionalminister Erna Solberg sendt på høyring eit framlegg om at opplæring i norsk og samfunnskunnskap skal bli obligatorisk frå 1. januar 2005. I samband med det gjer Regjeringa framlegg om 20 millionar kroner til betre innføring av obligatorisk norskopplæring for vaksne innvandrarar. Løyvinga skal gå til å utvikle eit nytt nasjonalt registreringssystem.

Utgiftene til norsk og samfunnskunnskap for vaksne innvandrarar har auka sterkt dei seinare åra. Regjeringa meiner det er nødvendig å konsentrere innsatsen mot dei innvandrargruppene som har størst behov for støtte til opplæring. Det blir derfor gjort framlegg om å fjerne tilskotet til norskopplæring for personar med opphaldsløyve som er gjeve etter 1. januar 2003 på grunn av eit arbeidstilbod. Dette gjeld òg for familiane til desse personane, for nordiske personar og for personar med EØS-/EFTA-løyve. Jamvel om statstilskotet blir avvikla for desse gruppene, kjem det framleis til å vere tilbod om norskopplæring mot eigenbetaling frå innvandraren sjølv eller arbeidsgjevaren.

80 prosent av dei som søkjer asyl i Noreg, får ikkje opphald her. For å verne om asylinstituttet gjer Regjeringa derfor framlegg om fleire tiltak for å minske tilstrøyminga av asylsøkjarar. Tilstrøyminga nådde ein topp i 2002 med til saman 17 500 personar. Det kjem framleis mange asylsøkjarar til landet, og dette er bakgrunnen for tiltaka det er gjort framlegg om. Målet er å få talet på asylsøkjarar ned til totalt 10 000 personar.