5 milliardar i overskot i Norsk Tipping

Kulturdepartementet har i dag fordelt overskotet i Norsk Tipping for 2016 til samfunnsnyttige føremål. Generalforsamlinga har òg valt nytt styre for perioden 2017 – 2019.

- For første gong har vi eit overskot i Norsk Tipping på over 5 milliardar kroner. Dette gir eit særs viktig bidrag til idrett, kultur og frivillige organisasjonar, seier kulturminister Linda Hofstad Helleland.

Årsresultatet blir fordelt slik (avrunda):

  • 4336 millionar kroner til tippenøkkelen:
  • 277,5 millionar til helse- og rehabiliteringsformål,
  • 2597,3 millionar til idrettsformål,
  • 730,5 millionar til kulturformål og
  • 730,5 millionar til samfunnsnyttige og humanitære formål
  • 447 millionar kroner til Grasrotandelen
  • 63 millionar kroner til overskotsføremål knytta til bingo
  • 6 millionar kroner til tiltak mot spillavhengighet
  • 150 millionar kroner til eigenkapital

I generalforsamlinga i dag blei det valt nytt styre for Norsk Tipping for perioden 2017 -2019. Linda Bernander Silseth blei attvalt som styreleiar.

- Det sittande styret i Norsk Tipping har gjort ein god jobb med selskapet og eg er glad for å kunne attvelje dei fleste styremedlemmene. Ei av dei viktigaste utfordringane framover for selskapet er å møte den digitale kvardagen og å nå nye generasjonar. Med Per Olav Monseth og Andreas Egge Thorsheim som nye styremedlemmer blir kompetansen på dette feltet styrkt, seier kulturminister Linda Hofstad Helleland.

Norsk Tippings styre 2017 – 2019 er som følgjer:

Styreleiar Linda B. Silseth

Nestleiar Per Olav Monseth (ny)

David Hansen

Anne Lise Meyer

Kari Skeidsvoll Moe

Andreas Egge Thorsheim (ny).

Bjørn Vidar Mathisen (representant for dei tilsette)

Hege Andersen (representant for dei tilsette)