Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Historisk arkiv

5 milliardar meir til Husbanken

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

- Låna i Husbanken er viktige både i distrikta og i byane. For å kunne halde fram med det gode arbeidet i Husbanken i 2011, gjer regjeringa framlegg om å auke låneramma i Husbanken til 20 milliardar kroner i 2011, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

- Låna i Husbanken er viktige både i distrikta og i byane. For å kunne halde fram med det gode arbeidet i Husbanken i 2011, gjer regjeringa framlegg om å auke låneramma i Husbanken til 20 milliardar kroner i 2011, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

Husbanken gir lån for å sikre bustadetablering for unge og vanskelegstilte, sikre bustadfinansiering i distrikta og for å fremje kvalitetar som energieffektivisering og universell utforming i bustader og bygg. Låneramma i Husbanken var i utgangspunktet på 15 milliardar kroner i 2011.

- Regjeringa vil ha ein aktiv Husbank som kan halde fram med å gjere ein viktig jobb over heile landet. Dette blir sikra ved å auke låneramma i 2011, seier Navarsete.

Det er stor etterspurnad etter lån frå Husbanken i år. Noko av etterspurnaden kjem av varsla strengare kvalitetskrav på grunnlån og at låneramma gjekk tom ved utgangen av 2010. Dette har ført til ein ekstraordinær låneaktivitet i 2011.
- Det har også vore ein auke i talet på startlån frå Husbanken. Dette er eit resultat av eit godt samarbeid mellom Husbanken og kommunane og det blir framleis gjort ein god jobb for å gjere startlån enda betre kjent, seier Navarsete.

Startlån er særskilt prioritert innafor Husbankramma og er regjeringas viktigaste verkty før å hjelpe unge i etableringsfasen og vanskelegstilte inn i eigd bustad.

Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.

Til toppen