50 000 kroner i gåveforsterking til Valdresmusea

Valdresmusea får 50 0000 kroner i gåveforsterking frå Kulturdepartementet. Pengane skal gå til utstilling om langeleiken sin historie.

Gåveforsterkinga frå Kulturdepartementet baserer seg på ei pengegåve frå Stiftelsen UNI.

- Dette er det andre tilskotet som Valdresmusea får frå ordninga, seier kulturminister Thorhild Widvey.

Museum som får ei pengegåve kan søkje Kulturdepartementet om statleg gåveforsterking på 25 prosent.

- Støtta frå gåveforsterkingsordninga viser at det løner seg for museum å arbeide for å få inn fleire private gjevarar, seier kulturminister Widvey. 

Om gåveforsterkingsordninga

Regjeringa innførte gåveforsterkingsordninga i 2014 for å stimulere til auka privat finansiering av kunst og kultur gjennom pengegåver. I 2015 er ordninga utvida til å gjelde pengegåver som skal styrkje verksemd ved museea i tråd med planar og formål. Det er sett av ei løyving på 30,3 millionar kroner til ordninga i 2015 mot 10 millionar i prøveåret 2014.

Alle museum som anten inngår i Kulturrådet sin museumsstatistikk eller som oppfyller kriteria for bli innlemma (jf www.kulturradet.no/museum/statistikk) vil kunne søkje om gåveforsterking i 2015.

Gaveforsterkingsordninga gjeld i dag museum. I kulturbudsjettet for 2016 foreslår regjeringa å utvide ordninga til også å omfatte gåver til musikk, litteratur, scenekunst, visuell kunst og kulturbygg. I tillegg foreslår regjeringa å auke løyvinga til ordninga frå 30 til 45 millionar kroner.

Valdresmusea

Valdresmusea AS er eit konsolidert museum i Oppland. Det er 20 årsverk ved museet, som i 2013 hadde 41 000 besøkande.

Valdresmusea mottar driftstilskot på 9,8 millionar kroner frå Kulturdepartementet i 2015.

Kontaktperson for Valdresmusea: Direktør Ole Aastad Bråten, tlf. 61 35 99 00 (sentralbord).