Revidert nasjonalbudsjett 2016:

50 millionar til vedlikehaldstiltak i helseføretaka

Regjeringa foreslår ei ytterlegare styrking av eingongstilskot med 50 millionar kroner til vedlikehaldstiltak i helseføretaka.

-Formålet er å bidra til auka aktivitet i områda på Sør- og Vestlandet der arbeidsløysa har auka mest, seier helse- og omsorgsminister Bent Høie.

Midlane vert foreslått fordelt med 7,5 millionar kroner til Helse Sør-Øst, 35 millionar kroner til Helse Vest og 7,5 millionar kroner til Helse Midt-Norge. Midlane skal fordelast av dei regionale helseføretaka etter individuell vurdering. Vedlikehaldstiltaka skal komme i tillegg til allereie planlagte vedlikeholdstiltak og det skal rapporterast på sysselsettingseffekten.

Midlene kjem i tillegg til dei 275 millionar kronane som tidlegare er bevilga i tiltakspakka til forsering av vedlikehaldsinvesteringar i helseføretaka.

-Vi ser at helseføretaka er godt i gang med vedlikehaldstiltak. Desse midlane vil bidra til å styrke denne aktiviteten ytterlegare og er viktig for å auke sysselsettinga i særleg utsette område, seier Høie.

Les meir om revidert nasjonalbudsjett 2016