6 millionar til skogplanteforedling som klimatiltak

Frøåret i fjor på gran er svært gunstig for regjeringa sitt arbeid med klimatiltak i skog. I statsbudsjettet for i år er det frå Landbruks- og matdepartementet løyvd 33 millionar til tettare planting ved forynging av skog, gjødsling av skog og til styrking av skogplanteforedlinga.

Frå Klima- og miljødepartementet er det løyvd 15 millionar kroner til ei prøveordning for planting av skog på nye areal. Av den totale  løyvinga frå begge departement på 48 millionar kroner, vil såleis 39 millionar være øyremerka tiltak for å auke skogplantinga og til å utvikla best mogleg frø til produksjon av skogplanter for framtida. 

– Dette er ei kraftig satsing på skogplanting og godt frømateriale, enten målet er verdiskaping i skogbruket, auka binding og lagring av CO2 i skog eller for å erstatte bruk av fossile karbonkjelder med miljøvennlege skogprodukt. Det er skogeigarane som kan realisere klimagevinsten ved å plante tettare eller på nye areal, fortrinnsvis med foredla skogplanter. Dette vil også sikre ressurstilgangen for skog- og trenæringa inn i framtida, seier landbruks- og matminister Jon Georg Dale. 

Frø av gran.
Frø av gran. Foto: Marte F. Myre

Det blir gjort ein stor innsats ved Det norske Skogfrøverk for å produsere frø av høg kvalitet i skogfrøplantasjar. I samarbeid med Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO) er det i frøplantasjane foredla fram kvalitetsfrø som gir grunnlag for skog med høg overleving, betre virkeskvalitet og 10 -15 prosent raskare tilvekst. Landbruks- og matdepartementet har for 2016 gitt 6 millionar kroner i tilskot for å styrke dette arbeidet. Ved å styrke planteforedlinga er det venta at gevinstane for volumproduksjonen kan auke til 20 prosent eller meir på lang sikt. Auka tilvekst har direkte verknad på evna skogen har til å binde CO2. Skogen som i dag binder omtrent 60 prosent av klimagassutsleppa i alle sektorar, har derfor eit enda større potensial enn i dag.

Nyspirt gran.
Nyspirt gran. Foto: Marte F. Myre