Historisk arkiv

600 000 i tilskot til EM i vektløfting 2016 i Førde

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgiver: Kulturdepartementet

- Arrangørane av EM i vektløfting 2016 har teke på seg ei stor og spanande oppgåve når dei inviterer fleire hundre deltakarar frå heile verda til Førde neste månad, seier kulturminister Linda Hofstad Helleland.

- Ein slik meisterskap krev innkjøp av store mengder utstyr, og dette er eit betydeleg økonomisk løft for arrangørane. Kulturdepartementet gir difor 600.000 kroner i tilskot til å dekkje utgifter til innkjøp av utstyr, seier kulturministeren.

Ho peiker på at arrangørane i etterkant av meisterskapen vil at utstyret skal kome klubbar for vektløfting i fleire regionar til gode.

- På denne måten vil arrangementet styrke sporten, ikkje berre gjennom dei naturlege ringverknadane av at Førde og Norge er arena for ein europameisterskap, men ved at utstyret på sikt skaper betre trening for mange idrettsutøvarar på ulikt nivå, seier Hofstad Helleland.

Tilskotet vert gitt for å dekkje utgifter til innkjøp av utstyr og er ikkje eit generelt tilskot til arrangementet.