Historisk arkiv

615 millionar kroner meir i frie inntekter til Troms og Finnmark neste år

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Kommunal- og moderniseringsdepartementet

Regjeringa foreslår ein vekst på to milliardar kroner i kommunesektoren sine frie inntekter i 2021. – Ein god og føreseieleg kommuneøkonomi gjer at kommunane kan fortsetje den gode jobben og levere gode tenester til innbyggjarane, både under og etter koronakrisa, seier kommunal- og moderniseringsminister Nikolai Astrup (H).

Regjeringa vil ta Noreg ut av koronakrisa ved å skape meir og inkludere fleire. For å sikre eit godt og sterkt lokaldemokrati, vil vi leggje til rette for ein god og føreseieleg kommuneøkonomi. I tillegg til veksten i frie inntekter, får kommunane 1,9 milliardar kroner som kompensasjon for skattesvikt i 2020.

Tabellen viser fordelinga av dei frie inntektene for kommunane i Troms og Finnmark og Troms og Finnmark fylkeskommune og den nominelle veksten frå 2020 til 2021. Veksten er rekna frå eit oppdatert anslag på dei frie inntektene i 2020. Anslaget inkluderer ei oppjustering av skatteinntektene for kommunesektoren i 2020 på 2,25 milliardar kroner, samanlikna med anslaget på skatteinntekter i revidert nasjonalbudsjett 2020.

For å gjere inntektsnivået i 2020 samanliknbart med inntektsnivået i 2021, er det korrigert for oppgåveendringar, regelendringar og endringar i finansieringa av oppgåvene til kommunesektoren. Dei ekstraordinære løyvingane til kommunesektoren i 2020 i samband med virusutbrotet, er ikkje rekna med i inntektsnivået for 2020.

Variasjonen i veksten mellom kommunar og mellom fylkeskommunar kan i all hovudsak forklarast med utvikling og endring i befolkninga og endringar i skjønnstilskotet og dei regionalpolitiske tilskota. For små kommunar kan mindre endringar gje store utslag i anslaget på vekst målt i prosent.

Kommune

Anslag på

Vekst frå anslag på

 

frie

 rekneskap 2020 - 2021

 

inntekter

Nominelle

Prosent

 

2021

kroner

 

 

(1 000 kr)

(1 000 kr)

 

 

1

2

3

5401 Tromsø

4 355 659

138 492

3,3

5402 Harstad

1 503 740

43 898

3,0

5403 Alta

1 405 788

47 365

3,5

5404 Vardø

162 650

4 470

2,8

5405 Vadsø

387 664

6 841

1,8

5406 Hammerfest

809 187

27 747

3,6

5411 Kvæfjord

210 136

3 728

1,8

5412 Tjeldsund

311 895

5 086

1,7

5413 Ibestad

112 523

1 954

1,8

5414 Gratangen

93 175

2 354

2,6

5415 Lavangen

96 828

2 004

2,1

5416 Bardu

263 252

6 679

2,6

5417 Salangen

152 971

3 287

2,2

5418 Målselv

426 406

11 243

2,7

5419 Sørreisa

218 255

4 208

2,0

5420 Dyrøy

98 599

1 375

1,4

5421 Senja

1 070 203

26 390

2,5

5422 Balsfjord

383 355

6 796

1,8

5423 Karlsøy

178 131

3 936

2,3

5424 Lyngen

230 139

5 411

2,4

5425 Storfjord

151 426

2 101

1,4

5426 Kåfjord

162 616

2 291

1,4

5427 Skjervøy

216 054

6 242

3,0

5428 Nordreisa

323 585

5 622

1,8

5429 Kvænangen

120 660

3 385

2,9

5430 Kautokeino

242 955

8 659

3,7

5432 Loppa

98 434

702

0,7

5433 Hasvik

101 693

2 810

2,8

5434 Måsøy

115 721

3 396

3,0

5435 Nordkapp

234 771

16 320

7,5

5436 Porsanger

271 343

5 049

1,9

5437 Karasjok

204 724

2 981

1,5

5438 Lebesby

128 354

1 832

1,4

5439 Gamvik

106 194

5 204

5,2

5440 Berlevåg

92 434

2 521

2,8

5441 Tana

233 245

6 014

2,6

5442 Nesseby

96 768

1 005

1,0

5443 Båtsfjord

167 635

5 171

3,2

5444 Sør-Varanger

658 450

19 288

3,0

Til fordeling gjennom året

41 000

 

 

Troms og Finnmark

16 238 618

447 558

2,8

       

Troms og Finnmark fylkeskommune

    5 293 714

167 304

3,3

Første kolonne:
Viser overslag på kor mykje kvar kommune og fylkeskommune får i frie inntekter i 2021, målt i 1 000 kroner.

Andre kolonne:
Viser overslag på vekst frå anslag på rekneskap for 2020 til anslag for 2021 i statsbudsjettet, målt i nominelle kroner. Veksten er korrigert for endringar i oppgåvene til kommunane.

Tredje kolonne:
Viser den nominelle oppgåvekorrigerte veksten målt i prosent.