Historisk arkiv

64,1 millionar meir til musikk

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Kultur- og kirkedepartementet

I budsjettforslaget for 2007 legg regjeringa til rette for ei auka satsing på musikk.

Pressemelding

Nr.: 104/06
Dato: 06.10.2006

64,1 millionar meir til musikk

I budsjettforslaget for 2007 legg regjeringa til rette for ei auka satsing på musikk innanfor følgjande felt:

20,4 millionar meir til orkestra

Budsjettforslaget for 2007 omfattar følgjande auke for orkestra:

Oslo-Filharmonien får ein auke på 5,2 millionar kroner

Stiftelsen Harmonien får ein auke på 4,9 millionar kroner (2 mill. kroner til Grieg-markeringa)

Tilskotet til Trondheim Symfoniorkester er auka med 3,1 millionar kroner til eit 3-årig samarbeidsprosjekt med TrondheimSolistene. Dette vil gje auka besetning og auka produksjon av symfoniske konsertar

Stavanger Symfoniorkester får ein auke på 3,5 millionar kroner

Kristiansand symfoniorkester får ein auke på 1,9 millionar kroner

Tromsø symfoniorkester får ein auke på 0,9 millionar kroner

Blåseensemblet i Halden får ein auke på 0,85 millionar kroner

Rikskonsertane får 10,1 millionar meir

Pop, rock, blues og folkemusikk får 10,2 millionar

6 millionar samla til Edvard Grieg-markering

5,9 millionar til styrking av festivalar og musikkensemble

Jazz får 3 millionar kroner

2,5 millionar kroner til musikkinstrument for skolekorps

2 millionar kroner til kor

1,5 millionar til Landsdelsmusikarordninga i Nord-Norge og 2 millionar til Festspillene Turne

2,5 millionar til diverse andre musikkformål