Historisk arkiv

6,5 millionar kroner til Lade sambruksanlegg

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Kulturdepartementet

- Lade sambruksanlegg blir eit etterlengta løft for idrettsanlegga i Trondheimsregionen. Her vil barn og unge få tilgang til nye, gode treningsfasilitetar for tennis, bordtennis og kampsport, seier kulturminister Linda Hofstad Helleland.

- Det nye anlegget vil gi meir treningstid og auke kapasiteten slik at klubbane kan ta i mot og gi eit tilbod til alle – både til dei som har lyst til å prøve seg, og til dei som driv konkurranse. Det nye anlegget vil bidra til å rekruttere mange fleire barn og unge i området rundt Lade og vere ei vitamininnsprøyting for klubbane, seier kulturminister Hofstad Helleland. 

Sambruksanlegget vil bestå av ein tennishall med fire baner, aktivitets-/baneområde for minitennis, bordtennishall, kampsportsalar, garderobar, treningsrom og klubblokale. Etter planen skal anlegget stå ferdig våren 2017. 

Tilskotet er fordelt mellom Lade Tennisarena AS (1 million kroner), Trondheim Taekwon-Do Klubb (4 millionar kroner) og Vikåsen Bordtennisklubb (1,5 millionar kroner). 

Tilskotet på 6,5 millionar kroner er spelemidlar frå anleggspolitisk program som skal gå til idrettsanlegg som det er spesielt stor mangel på.