Historisk arkiv

Statsbudsjettet 2021

681 millionar kroner meir i frie inntekter til Møre og Romsdal neste år

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Kommunal- og moderniseringsdepartementet

Regjeringa foreslår ein vekst på to milliardar kroner i kommunesektoren sine frie inntekter i 2021. – Ein god og føreseieleg kommuneøkonomi gjer at kommunane kan fortsetje den gode jobben og levere gode tenester til innbyggjarane, både under og etter koronakrisa, seier kommunal- og moderniseringsminister Nikolai Astrup (H).

Regjeringa vil ta Noreg ut av koronakrisa ved å skape meir og inkludere fleire. For å sikre eit godt og sterkt lokaldemokrati, vil vi leggje til rette for ein god og føreseieleg kommuneøkonomi. I tillegg til veksten i frie inntekter, får kommunane 1,9 milliardar kroner som kompensasjon for skattesvikt i 2020.

Tabellen viser fordelinga av dei frie inntektene for kommunane i Møre og Romsdal og Møre og Romsdal fylkeskommune og den nominelle veksten frå 2020 til 2021. Veksten er rekna frå eit oppdatert anslag på dei frie inntektene i 2020. Anslaget inkluderer ei oppjustering av skatteinntektene for kommunesektoren i 2020 på 2,25 milliardar kroner, samanlikna med anslaget på skatteinntekter i revidert nasjonalbudsjett 2020.

For å gjere inntektsnivået i 2020 samanliknbart med inntektsnivået i 2021, er det korrigert for oppgåveendringar, regelendringar og endringar i finansieringa av oppgåvene til kommunesektoren. Dei ekstraordinære løyvingane til kommunesektoren i 2020 i samband med virusutbrotet, er ikkje rekna med i inntektsnivået for 2020.

Variasjonen i veksten mellom kommunar og mellom fylkeskommunar kan i all hovudsak forklarast med utvikling og endring i befolkninga og endringar i skjønnstilskotet og dei regionalpolitiske tilskota. For små kommunar kan mindre endringar gje store utslag i anslaget på vekst målt i prosent.

Kommune

Anslag på

Vekst frå anslag på

 

frie

 rekneskap 2020 - 2021

 

inntekter

Nominelle

Prosent

 

2021

kroner

 

 

(1 000 kr)

(1 000 kr)

 

 

1

2

3

1505 Kristiansund

1 374 326

32 523

2,4

1506 Molde

1 909 336

54 729

3,0

1507 Ålesund

3 823 088

117 090

3,2

1511 Vanylven

217 926

2 793

1,3

1514 Sande

173 140

2 586

1,5

1515 Herøy

527 598

16 961

3,3

1516 Ulstein

504 334

15 349

3,1

1517 Hareid

312 337

6 574

2,1

1520 Ørsta

640 555

21 562

3,5

1525 Stranda

283 021

5 079

1,8

1528 Sykkylven

441 224

9 089

2,1

1531 Sula

571 952

19 563

3,5

1532 Giske

497 116

16 381

3,4

1535 Vestnes

419 129

12 460

3,1

1539 Rauma

449 469

13 842

3,2

1547 Aukra

228 061

7 081

3,2

1554 Averøy

339 701

8 568

2,6

1557 Gjemnes

176 555

3 241

1,9

1560 Tingvoll

213 422

6 623

3,2

1563 Sunndal

445 645

10 067

2,3

1566 Surnadal

366 572

10 822

3,0

1573 Smøla

155 108

4 117

2,7

1576 Aure

271 834

2 185

0,8

1577 Volda

645 547

27 155

4,4

1578 Fjord

204 897

3 624

1,8

1579 Hustadvika

821 929

24 190

3,0

Til fordeling gjennom året

17 050

 

 

Møre og Romsdal

16 030 872

461 554

3,0

       

Møre og Romsdal fylkeskommune

4 769 782

219 266

4,8

Første kolonne:
Viser overslag på kor mykje kvar kommune og fylkeskommune får i frie inntekter i 2021, målt i 1 000 kroner.

Andre kolonne:
Viser overslag på vekst frå anslag på rekneskap for 2020 til anslag for 2021 i statsbudsjettet, målt i nominelle kroner. Veksten er korrigert for endringar i oppgåvene til kommunane.

Tredje kolonne:
Viser den nominelle oppgåvekorrigerte veksten målt i prosent.