Historisk arkiv

700 000 kroner til Diktarvegen

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Regjeringa gir 700 000 kroner til prosjektet ”Diktarvegen – riksveg 13 frå Jæren til Sunnfjord”.

Regjeringa gir 700 000 kroner til prosjektet ”Diktarvegen – riksveg 13 frå Jæren til Sunnfjord”.

Prosjektet skal etablera eit felles litteratur- og kulturnettverk, og medverka til marknadsføring av regionen.

- Det er gledeleg at så mange kommunar går saman om å satsa på omdømmebygging med utgangspunkt i den litterære arven i regionen, seier kommunal- og regionalminister Magnhild Meltveit Kleppa.

Prosjekteigar er Landssamanslutninga av nynorskkommunar. I søknaden sin skriv dei mellom anna:

”I tillegg til å vera ein viktig del av stamvegnettet, er RV 13 og ei spennande turistrute. Målet for dei organisasjonane/litteraturselskapa som er med i prosjektet er å realisera den kulturkapitalen som ligg i at fem av dei mest markante forfattarane i Noreg gjennom tidene var heimehøyrande i regionane Sunnfjord, Sogn, Hardanger/Voss, Ryfylke og Jæren.”

- Eit mål med denne satsinga er å få unge til å etablera seg i Distrikts-Noreg. Derfor vil eg oppfordra prosjekteigarane i Diktarvegen til å involvera dei unge som ei sentral målgruppe. Eg har store forventningar til eit prosjekt som skal løfta fram både Per Sivle, Jakob Sande, Olav H. Hauge, Rasmus Løland og Arne Garborg, seier Kleppa.

Sidan 2006 har Kommunal- og regionaldepartementet brukt om lag 60 millionar kroner på satsinga innan kultur og næring, og har støtta om lag 25 ulike pilotprosjekt. No i 2009 får åtte prosjekt støtte til nybrotsarbeid. Felles for prosjekta er at dei skal utvikla lokalsamfunna sine gjennom kulturbasert stadutvikling og næringsutvikling.

- Prosjekta vi har valt ut representerer ei nytenking som har nasjonal interesse og vesentlig overføringsverdi for andre kulturaktørar, seier statsråden.

Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.