Historisk arkiv

71,6 millionar kroner til flaumråka kommunar

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Kommunal- og moderniseringsdepartementet

Det er viktig at storsamfunnet stiller opp når lokalsamfunn blir råka av naturkatastrofer. Det gjer vi no for kommunane som opplevde store skadar etter flaumen på Vestlandet i fjor haust, seier kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner. Kommunal- og moderniseringsdepartementet betaler no ut andre runde med skjønsmidlar til dei flaumråka kommunane.

Kraftig regnvêr over fleire dagar førde til flaum fleire stader på Vestlandet i slutten av oktober 2014. Flaumen var særleg stor i Sunnhordland, Hardanger, Vossovassdraget, indre Sogn og i Gaularvassdraget, og gjorde store skadar på kommunal infrastruktur. Kommunane ønskte å komme raskt i gong med attreisinga, og kommunal- og moderniseringsdepartementet betalte derfor ut over 86 millionar kroner i ein første runde med skjønsmidlar allereie i desember 2014.

Departementet har no fått inn oppdaterte kostnadsoverslag frå dei fleste av kommunane som blei råka av flaumen, og betaler ut neste runde med skjønstilskot i september. I denne runden får fire kommunar til saman 71,6 millionar kroner. Mesteparten av midlane går til utbetring av skadar på kommunale veger og bruer, men omfattar òg utgifter til annan kommunal infrastruktur og til handteringa av den akutte krisesituasjonen. Ein del av søknaden frå Odda er ennå ikkje ferdig behandla, her treng departementet fleire opplysningar.

Departementet har dermed tilsaman betalt ut nærmare 158 millionar kroner til kommunar i Sogn og Fjordane og Hordaland etter flaumen i 2014.

Dette får kommunane utbetalt i september:

Odda 3.132.000 kroner
Aurland 64.624.000 kroner
Vik  3.660.200 kroner
Gaular 175.000 kroner

Dette fekk kommunane utbetalt i desember 2014:

Odda  51.800.000 kroner
Voss 13.350.000 kroner
Kvam 2.624.000 kroner
Aurland 12.571.250 kroner
Lærdal 5.941.500 kroner