Historisk arkiv

Statsbudsjettet 2021

734 millionar kroner meir i frie inntekter til Innlandet neste år

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Kommunal- og moderniseringsdepartementet

Regjeringa foreslår ein vekst på to milliardar kroner i kommunesektoren sine frie inntekter i 2021. – Ein god og føreseieleg kommuneøkonomi gjer at kommunane kan fortsetje den gode jobben og levere gode tenester til innbyggjarane, både under og etter koronakrisa, seier kommunal- og moderniseringsminister Nikolai Astrup (H).

Regjeringa vil ta Noreg ut av koronakrisa ved å skape meir og inkludere fleire. For å sikre eit godt og sterkt lokaldemokrati, vil vi leggje til rette for ein god og føreseieleg kommuneøkonomi. I tillegg til veksten i frie inntekter, får kommunane 1,9 milliardar kroner som kompensasjon for skattesvikt i 2020.

Tabellen viser fordelinga av dei frie inntektene for kommunane i Innlandet og Innlandet fylkeskommune og den nominelle veksten frå 2020 til 2021. Veksten er rekna frå eit oppdatert anslag på dei frie inntektene i 2020. Anslaget inkluderer ei oppjustering av skatteinntektene for kommunesektoren i 2020 på 2,25 milliardar kroner, samanlikna med anslaget på skatteinntekter i revidert nasjonalbudsjett 2020.

For å gjere inntektsnivået i 2020 samanliknbart med inntektsnivået i 2021, er det korrigert for oppgåveendringar, regelendringar og endringar i finansieringa av oppgåvene til kommunesektoren. Dei ekstraordinære løyvingane til kommunesektoren i 2020 i samband med virusutbrotet, er ikkje rekna med i inntektsnivået for 2020.

Variasjonen i veksten mellom kommunar og mellom fylkeskommunar kan i all hovudsak forklarast med utvikling og endring i befolkninga og endringar i skjønnstilskotet og dei regionalpolitiske tilskota. For små kommunar kan mindre endringar gje store utslag i anslaget på vekst målt i prosent.

Kommune

Anslag på

Vekst frå anslag på

 

frie

 rekneskap 2020 - 2021

 

inntekter

Nominelle

Prosent

 

2021

kroner

 

 

(1 000 kr)

(1 000 kr)

 

 

1

2

3

3401 Kongsvinger

1 059 265

27 467

2,7

3403Hamar

1 788 670

56 620

3,3

3405 Lillehammer

1 604 121

54 620

3,5

3407 Gjøvik

1 702 952

47 562

2,9

3411 Ringsaker

1 955 674

61 929

3,3

3412 Løten

434 389

10 771

2,5

3413 Stange

1 199 191

48 540

4,2

3414 Nord-Odal

317 259

6 221

2,0

3415 Sør-Odal

454 275

15 589

3,6

3416 Eidskog

392 842

10 930

2,9

3417 Grue

300 827

5 052

1,7

3418 Åsnes

464 636

8 762

1,9

3419 Våler

237 215

4 033

1,7

3420 Elverum

1 227 580

34 377

2,9

3421 Trysil

429 558

16 382

4,0

3422 Åmot

281 061

5 742

2,1

3423 Stor-Elvdal

175 256

4 126

2,4

3424 Rendalen

138 391

3 504

2,6

3425 Engerdal

109 212

2 423

2,3

3426 Tolga

117 735

2 443

2,1

3427 Tynset

359 466

6 932

2,0

3428 Alvdal

173 462

5 391

3,2

3429 Folldal

117 987

1 713

1,5

3430 Os

135 803

2 351

1,8

3431 Dovre

176 391

2 662

1,5

3432 Lesja

149 847

2 896

2,0

3433 Skjåk

147 479

3 295

2,3

3434 Lom

152 965

2 708

1,8

3435 Vågå

236 953

6 426

2,8

3436 Nord-Fron

369 700

11 457

3,2

3437 Sel

372 435

7 593

2,1

3438 Sør-Fron

198 263

3 903

2,0

3439 Ringebu

278 974

5 513

2,0

3440 Øyer

320 139

13 714

4,5

3441 Gausdal

361 777

6 653

1,9

3442 Østre Toten

858 025

18 632

2,2

3443 Vestre Toten

757 641

21 984

3,0

3446 Gran

808 696

22 260

2,8

3447 Søndre Land

349 042

7 236

2,1

3448 Nordre Land

414 882

13 615

3,4

3449 Sør-Aurdal

222 679

6 011

2,8

3450 Etnedal

107 631

2 606

2,5

3451 Nord-Aurdal

396 367

17 772

4,7

3452 Vestre Slidre

145 696

5 146

3,7

3453 Øystre Slidre

211 469

7 546

3,7

3454 Vang

125 849

3 353

2,7

Til fordeling gjennom året

33 030

 

 

Innlandet

22 372 755

636 193

2,9

       

Innlandet fylkeskommune

 5 332 938

 97 464

1,9

Første kolonne:
Viser overslag på kor mykje kvar kommune og fylkeskommune får i frie inntekter i 2021, målt i 1 000 kroner.

Andre kolonne:
Viser overslag på vekst frå anslag på rekneskap for 2020 til anslag for 2021 i statsbudsjettet, målt i nominelle kroner. Veksten er korrigert for endringar i oppgåvene til kommunane.

Tredje kolonne:
Viser den nominelle oppgåvekorrigerte veksten målt i prosent.