Historisk arkiv

Noreg gir 750 millionar kroner til ofra for krisa i Syria

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Utenriksdepartementet

- Verdsamfunnet står overfor den største flyktningkrisa sidan andre verdskrig med ufattelege humanitære behov. I tillegg trugar krigen i Syria stabiliteten i heile regionen. Regjeringa gir 750 millionar kroner i humanitær støtte, og til utviklingstiltak for å hjelpe Syrias naboland, seier utanriksminister Børge Brende.

Borgarkrigen i Syria går nå inn i sitt femte år. Tre firedelar av innbyggarane i Syria er avhengige av humanitær støtte for å dekke dei mest grunnleggande behov. Nesten fire millionar menneske har flykta til Syrias naboland. I tillegg er 7,6 millionar menneske internt fordrivne. Meir enn 220 000 menneske er drepne i konflikten.

FNs tredje internasjonale humanitære gjevarkonferansen for Syria blei arrangert i Kuwait 31.mars. FN ber verdssamfunnet om 59 milliardar kroner i humanitær bistand, og til å støtte nabolanda som er ramma av flyktningkrisa i Syria.

-Borgarkrigen i Syria fører ikkje bare til ein humanitær katastrofe, men er ein trussel mot den regionale stabiliteten i heile Midtausten. Framveksten av ISIL trugar den globale tryggleiken. Det er avgjerande å styrke arbeidet for ei politisk løysing. I mellomtida må det leggast press på partane for å tillate humanitær hjelp, seier Brende.

Syria står i fare for å miste ein heil generasjon som følgje av borgarkrigen. 5,6 millionar barn i Syria er avhengig av humanitær støtte. 1,6 millionar står utan skuletilbod. Meir enn 4000 skuler er heilt eller delvis øydelagde. Nabolanda står overfor enorme utfordringar med å integrere syriske flyktningbarn i lokale skular.

-Skulegang og tryggare kvardag er avgjerande for å sikre syriske barns framtid. Minst 100 millioner kroner av regjeringas bidrag vil derfor gå til utdanningsprosjekt for syriske barn, og til sårbare vertssamfunn i Libanon, Jordan og Syria. Støtta blir gitt i samarbeid med Unicef, Redd Barna og Flyktninghjelpa, seier utanriksministers Børge Brende.

Med bidraget for i år, har Noreg gitt til saman 2,65 milliardar kroner til Syria og nabolanda sidan borgarkrigen byrja våren 2011.