Historisk arkiv

Tildeling av spelemiddel for 2021

750 millionar i tilskot til Norges idrettsforbund

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Kulturdepartementet

Norges idrettsforbund og olympiske og paralympiske komite (NIF) får ein auke i tilskotet på 20 millionar kroner og får totalt 750 millionar kroner i 2021. Tilskotet skal i størst mogleg grad bidra til idrettsaktivitet i lag og foreiningar rundt om i heile landet.

– Med denne tildelinga vil vi styrke idretten og gjere NIF endå betre rusta til å vareta posisjonen som vår største aktør for tilrettelegging av fritidsaktivitetar for barn og unge.

Vi aukar grunnstøtta til særforbunda med 10 millionar kroner for å styrke tilbodet for både breidde- og toppidretten. Dette er i tråd med søknaden frå idretten, seier kultur- og likestillingsminister Abid Q. Raja.

Departementet legg til grunn at NIF prioriterer arbeidet med å redusere økonomiske barrierar som hindrar barn og unge i å delta i idrett. Idretten skal inkludere og vere tilgjengeleg for alle -  uavhengig av kor ein kjem i frå eller om ein har nedsett funksjonsevne. NIF skal følgje opp arbeidet mot rasisme i idretten og innsatsen mot seksuell trakassering og overgrep.

– Vi står midt oppe i ei internasjonal krise som har kravd enorm omstilling og nytenking for oss alle. Tilskotet for 2021 skal bidra til at idretten kan halde fast på kjerneverksemda si og gje gode og inkluderande tilbod til barn og ungdom, seier statsråd Raja. 

Tilskotet omfattar også grunnstøtte til NIF sin sentraladministrasjon, idrettskrinsar og særforbund, aktivitet for barn og ungdom, samt grunnstøtte til toppidrett.