85 millionar til petroleumsforsking

Norges forskningsråd har tildelt 85 millionar kroner i støtte til petroleumsforsking gjennom DEMO200-programmet. I alt 13 prosjekt vil få støtte.

- Vi styrka DEMO 2000 med 67 millionar kroner i år som ein del av tiltakspakken for auka sysselsetjing. Ein viktig grunn til dette er at ein stor del av midlane går til Vestlandet, som er særleg ramma av nedgangen i oljebransjen. Også i denne tildelinga er det mange gode prosjekt som er med på å sikre arbeidsplassar på Vestlandet, seier olje- og energiminister Terje Søviknes.

Heile sju av dei tretten prosjekta som er tildelt støtte høyrer heime i Rogaland.  

- Det er gledeleg at det framleis er stor konkurranse i DEMO 2000-utlysingane. Gjennom DEMO 2000 blir teknologi raskare tatt i bruk på norsk sokkel. Det er høg kvalitet på prosjekta, som bidrar til auka lønnsemd, meir effektiv utvinning og lavare utslepp. Samtidig styrkar vi på denne måten konkurransekrafta til norsk sokkel og leverandørindustri, seier olje- og energiminister Terje Søviknes.

DEMO 2000 støttar prosjekt som testar ny teknologi på norsk sokkel. Prosjekta kan få dekka inntil 25 prosent av relevante kostnader, og er viktig for å introdusere nye løysingar på marknaden.

Meir informasjon om tildelinga finst på sidene til Norges forskningsråd.