Historisk arkiv

Statsbudsjettet 2021

862 millionar kroner meir i frie inntekter til Vestfold og Telemark neste år

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Kommunal- og moderniseringsdepartementet

Regjeringa foreslår ein vekst på to milliardar kroner i kommunesektoren sine frie inntekter i 2021. – Ein god og føreseieleg kommuneøkonomi gjer at kommunane kan fortsetje den gode jobben og levere gode tenester til innbyggjarane, både under og etter koronakrisa, seier kommunal- og moderniseringsminister Nikolai Astrup (H).

Regjeringa vil ta Noreg ut av koronakrisa ved å skape meir og inkludere fleire. For å sikre eit godt og sterkt lokaldemokrati, vil vi leggje til rette for ein god og føreseieleg kommuneøkonomi. I tillegg til veksten i frie inntekter, får kommunane 1,9 milliardar kroner som kompensasjon for skattesvikt i 2020.

Tabellen viser fordelinga av dei frie inntektene for kommunane i Vestfold og Telemark og Vestfold og Telemark fylkeskommune og den nominelle veksten frå 2020 til 2021. Veksten er rekna frå eit oppdatert anslag på dei frie inntektene i 2020. Anslaget inkluderer ei oppjustering av skatteinntektene for kommunesektoren i 2020 på 2,25 milliardar kroner, samanlikna med anslaget på skatteinntekter i revidert nasjonalbudsjett 2020.

For å gjere inntektsnivået i 2020 samanliknbart med inntektsnivået i 2021, er det korrigert for oppgåveendringar, regelendringar og endringar i finansieringa av oppgåvene til kommunesektoren. Dei ekstraordinære løyvingane til kommunesektoren i 2020 i samband med virusutbrotet, er ikkje rekna med i inntektsnivået for 2020.

Variasjonen i veksten mellom kommunar og mellom fylkeskommunar kan i all hovudsak forklarast med utvikling og endring i befolkninga og endringar i skjønnstilskotet og dei regionalpolitiske tilskota. For små kommunar kan mindre endringar gje store utslag i anslaget på vekst målt i prosent.

Kommune

Anslag på

Vekst frå anslag på

 

frie

 rekneskap 2020 – 2021

 

inntekter

Nominelle

Prosent

 

2021

kroner

 

 

(1 000 kr)

(1 000 kr)

 

 

1

2

3

3801 Horten

1 555 422

44 003

2,9

3802 Holmestrand

1 424 472

44 239

3,2

3803 Tønsberg

3 223 201

118 124

3,8

3804 Sandefjord

3 649 745

127 753

3,6

3805 Larvik

2 763 501

82 539

3,1

3806 Porsgrunn

2 062 046

60 461

3,0

3807 Skien

3 126 243

95 029

3,1i

3808 Notodden

791 606

22 376

2,9

3811 Færder

1 615 221

53 717

3,4

3812 Siljan

144 989

2 716

1,9

3813 Bamble

808 875

28 466

3,6

3814 Kragerø

620 098

12 875

2,1

3815 Drangedal

271 891

5 284

2,0

3816 Nome

404 200

9 642

2,4

3817 Midt-Telemark

634 022

20 768

3,4

3818 Tinn

379 652

6 739

1,8

3819 Hjartdal

120 392

1 710

1,4

3820 Seljord

196 862

3 297

1,7

3821 Kviteseid

167 196

4 814

3,0

3822 Nissedal

116 932

2 805

2,5

3823 Fyresdal

102 682

2 389

2,4

3824 Tokke

162 499

2 870

1,8

3825 Vinje

258 984

4 776

1,9

Til fordeling gjennom året

17 000

 

 

Vestfold og Telemark

24 617 731

753 393

3,2

       

Vestfold og Telemark fylkeskommune

    5 275 233

108 653

2,1

Første kolonne:
Viser overslag på kor mykje kvar kommune og fylkeskommune får i frie inntekter i 2021, målt i 1 000 kroner.

Andre kolonne:
Viser overslag på vekst frå anslag på rekneskap for 2020 til anslag for 2021 i statsbudsjettet, målt i nominelle kroner. Veksten er korrigert for endringar i oppgåvene til kommunane.

Tredje kolonne:
Viser den nominelle oppgåvekorrigerte veksten målt i prosent.