Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

8,8 millionar kroner til tiltak mot vald og overgrep

No vert midlar fordelt til organisasjonar som får drifts- og prosjekttilskot til tiltak mot vald og overgrep. Tilskotsordninga skal bidra til å nå måla i regjeringas opptrappingsplan mot vald og overgrep.

- 1 av 5 barn har opplevd ei form for overgrep i løpet av barndommen. Det er eit urovekkjande høgt tal. Vi må hjelpe familiane og barna for å førebygge at vald og overgrep skjer, og samstundes ha eit godt system for å hjelpe dei som har blitt råka. Denne tilskotsordninga er eit av fleire viktige bidrag til det, seier barne- og familieminister Kjell Ingolf Ropstad.

Målet med tilskotsordninga er å førebygge vald og overgrep i nære relasjonar, og å styrke evna til meistring og livskvalitet hjå barn og unge som har vore utsette for vald eller seksuelle overgrep. Løyva i 2019 er på 8 850 000 kroner, og mesteparten blir tildelt prosjekt. Krisesentersekretariatet og Stiftelsen Fellesskap mot seksuelle overgrep får driftstilskot over ordninga.

Det er Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet som forvaltar tilskotsordninga. På deira sider kan du sjå oversikt over alle som får tilskot i denne omgang. 

Illustrasjonsbilde av barn
Foto: Barne- og likestillingsdepartementet
Til toppen