Historisk arkiv

95 millionar kroner fordelt: Desse kommunane og fylkeskommunane får sykkeltilskot

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

Regjeringa vil gjere det lettare for folk å velje sykkelen og har saman med KrF og Venstre fått på plass ei eige tilskotsordning for gang- og sykkelvegar. Første søknadsrunde for ordninga er no i mål. 23 kommunar/fylkeskommunar får til saman 95 millionar kroner for 2014/2015.

- Tilskotsordninga er eit av fleire tiltak for å legge til rette for meir sykling. I tillegg til auka løyvingar arbeider vi med forenklingar i regelverket og med å finne måtar for meir effektiv utbygging av sykkelvegar, seier samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen.

Det er Statens vegvesen som har ansvaret for å forvalte tilskotsordninga på vegne av Samferdselsdepartementet. Dei fekk inn til saman 110 søknadar frå 59 søkarar om ekstra tilskot til gang- og sykkelvegtiltak.

Alle kommunar og fylkeskommunar var invitert til å søke, men søknadar frå såkalla sykkelbyar (byar/byområde som har inngått forpliktande avtaler om auka satsing på sykkel) er prioritert.

Du kan lese Samferdselsdepartementets føringar og prioriteringskriterium og meir om tilskotsordninga hos Statens vegvesen.

Her er lista over prosjekt som får tilskot (pdf)