Årets nynorskkommune 2014

Mange kommunar brukar nynorsk aktivt i tenestene sine. No oppmodar kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner kommunane til å melde seg på i konkurransen om å bli årets nynorskkommune 2014.

Mange kommunar brukar nynorsk aktivt i tenestene sine. No oppmodar kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner kommunane til å melde seg på i konkurransen om å bli årets nynorskkommune 2014.

- Nynorskprisen er viktig for å støtte nynorskarbeidet i kommunane. Prisen skal gå til ein kommune som har nynorsk som si formelle målform, og som gjennom aktiv bruk av nynorsk har gjort ein spesiell innsats for å fremje nynorsk som skriftmål. Eg håper mange nynorskkommunar melder seg på og er med i konkurransen, seier Jan Tore Sanner.

Kommunal- og moderniseringsdepartementet har sidan 2009 kåra årets beste nynorskkommune. I haust vil statsråden dele ut prisen på 100 000 kroner til den kommunen eller fylkeskommunen som har gjort ein innsats på eitt eller fleire av områda nemnt under:

  • Aktiv bruk og synleggjering av nynorsk i kommunale planar.
  • Aktiv bruk av nynorsk i omdømme- og informasjonsarbeid. Dette kan vere heimesider, skriftleg informasjonsmateriell til innbyggjarane, opplegg for generell marknadsføring av kommunen, til dømes gjennom kurs og anna opplæring i nynorsk eller eigne retningslinjer for nynorsk i kommunen.
  • Tiltak for å sikre god målbruk blant tilsette.
  • Marknadsføring av nynorsk i kulturarbeid og kulturarrangement.
  • Tidleg nynorskinnsats i barnehagar og barneskular.

Kriteria er utarbeidd i samarbeid med Landssamanslutninga av nynorskkommunar. I 2013 var det Ørsta kommune som vann nynorskprisen.

Søknadsfristen er 31. august 2014.
Det er kommunane og fylkeskommunane sjølve som søkjer om å bli med i konkurransen, og alle er velkomne til å søkje, også dei som har søkt tidligare år. Merk søknaden ”årets nynorskkommune” og send til postmottak@kmd.dep.no eller

Kommunal- og moderniseringsdepartementet
Postboks 8112 Dep
0032 Oslo

Kontaktpersonar i Kommunal- og moderniseringsdepartementet:

  • Rådgivar Ragnhild Langeland, tlf. 22 24 72 52
  • Spesialrådgivar Christine Hjortland, tlf. 22 24 72 06
  • Kommunal- og moderniseringsdepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00