Aspaker til klima-møte på Grønland

Klimaendringar og konsekvensar for fiskebestandane er tema for Den nordatlantiske fiskeriministerkonferansen (NAMFC), i Ilulissat på Grønland 17-19 juni


Klimaendringar og konsekvensar for fiskebestandane er tema for Den nordatlantiske fiskeriministerkonferansen (NAMFC),  i Ilulissat på Grønland 17-19 juni.
 
Denne konferansen blir arrangert årleg og er ein møteplass for ministrane med fiskeriansvar frå Noreg, Island, Færøyane, Grønland, Canada, Russland og EU.  I tillegg til plenumsmøte vil Aspaker også ha bilaterale møte med ulike ministrar.
 
- Temperaturstigninga påverkar livet i havet. Vi ser allereie no at både makrell og torsk svømmer lenger mot nord, men vi treng meir kunnskap om klimaendringane. Dette har innverknad på fiskeria i alle dei nord-atlantiske landa, seier fiskeriminister Elisabeth Aspaker.