Auke i privatomsetnaden av geitemjølkkvote

Om lag 400 000 liter geitemjølkkvote vart omsett privat i 2014. Det er nesten det firedobbelte av privatomsetnaden i 2013.

Om lag 400 000 liter geitemjølkkvote vart omsett privat i 2014. Det er nesten det firedobbelte av privatomsetnaden i 2013.

9 geitemjølkprodusentar selde nesten 0,5 millionar liter kvote i 2014. Dette er meir enn ei dobling av mengda som var seld i 2013, då 6 geitemjølk¬produsentar selde drøye 0,2 millionar liter liter. Gjennomsnittleg salsmengde for seljarane gjekk opp frå om lag 35 000 liter i 2013 til om lag 55 000 liter i år.

Det vart seld mest kvote i region Nord-Noreg. Totalt salsvolum fordeler seg med 8,7 prosent på region Sør-Noreg og 91,3 prosent på region Nord-Noreg. I begge regionar vart  80 prosent av den totale salsmengda omsett privat.

Geiter.
Om lag 400 000 liter geitemjølkkvote vart omsett privat i 2014. (Foto: Sidsel Røhnebæk, Fylkesmannen i Oppland)