Avduking av Christian Frederik-monumentet

Søndag 18. mai skal H.M. Dronning Margrethe av Danmark avduke Christian Frederik-monumentet på Eidsvolls plass ved Stortinget. Monumentet er regjeringa si gåve til Stortinget i samband med Grunnlovas 200-årsjubileum.

Søndag 18. mai skal H.M. Dronning Margrethe av Danmark avduke Christian Frederik-monumentet på Eidsvolls plass ved Stortinget. Monumentet er regjeringa si gåve til Stortinget i samband med Grunnlovas 200-årsjubileum.

DD.MM. Kong Harald og Dronning Sonja og H.K.H. Prins Henrik av Danmark vil også vere til stades. Statsministeren og stortingspresidenten er vertskap ved arrangementet.  I tillegg vil Stortingets presidentskap, juryen som har plukka ut kunstnaren og kunstnar Kristian Blystad delta.

Arrangementet startar kl. 12.00 og er ope for publikum. Etter avdukinga er det ei mottaking for inviterte gjestar i historisk sal på Stortinget.

Priv. til red.:
Me ber presse om å akkreditere seg til smkinfo@smk.dep.no innan torsdag 15. mai kl. 12.00.

Pressekontaktar på Statsministerens kontor er kommunikasjonssjef Trude Måseide, telefon 957 26 510 og kommunikasjonsrådgivar Arvid Samland, telefon 930 51 458.

Pressekontaktar på Stortinget er kommunikasjonsrådgivar Jorunn Nilsen, telefon 938 98 200 og kommunikasjonsansvarleg for grunnlovsjubileet Hanne Hjelbak, telefon 924 25 665.

Pressekontakt på Slottet er assisterande kommunikasjonssjef Sven Gj. Gjeruldsen,
telefon 908 26 849.

For meir informasjon om grunnlovsjubileet, sjå grunnloven200.no.