Historisk arkiv

Besøk hos Cyberforsvaret

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Statsministerens kontor

I dag, tysdag 2. desember, har statsminister Erna Solberg blitt orientert om digitale truslar og utfordringar hos Cyberforsvaret på Jørstadmoen.

I dag, tysdag 2. desember, har statsminister Erna Solberg blitt orientert om digitale truslar og utfordringar hos Cyberforsvaret på Jørstadmoen. 

Cyberforsvaret held til på Jørstadmoen i Lillehammer og blei etablert i 2012 som ei vidareføring av Forsvarets avdeling for informasjonsinfrastruktur (INI). Cyberforsvaret er ein militær organisasjon som driftar, sikrar og forsvarar Forsvarets datasystem, nettverk og høgteknologiske plattformer mot angrep i og frå cyberdomenet.

- Cybersikkerheit har høg prioritet hos regjeringa. Det var interessant å høyre korleis Cyberforsvaret jobbar for å beskytte kritisk infrastruktur, og korleis dei jobbar med digitale truslar og utfordringar, seier statsminister Erna Solberg.

Statsministeren fekk omvising i Forsvarets alarmsentral. Ho besøkte også Forsvarets ingeniørhøgskole, og fekk orientering om kva kompetanse som skal til for å imøtekome framtidas utfordringar i cyberdomenet.  

Statsministeren besøkte også Nasjonalt forskningssenter i cyber- og informasjonssikkerhet (CCIS) på Gjøvik.