Bompengereform: 13 vedtatte vegprosjekt kan få lågare bomtakstar
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Samferdselsdepartementet
Pressemelding | Nr: 82/14 | Dato: 06.06.2014
Regjeringa sitt arbeid med bompengereform kan føre til lågare bompengetakstar på 13 bomprosjekt.
Regjeringa sitt arbeid med bompengereform kan føre til lågare bompengetakstar på 13 bomprosjekt.
- Vi har mykje arbeid å gjere innan bompengesektoren. Regjeringa har som mål å byggje meir veg og samtidig redusere bompengeandelen. Vi vil blant anna kraftig redusere talet på bompengeselskap, effektivisere drift, redusere finansieringskostnader og innføre ei rentekompensasjonsordning. I påvente av at desse endringane kjem på plass legg Samferdselsdepartementet opp til ei overgangsordning for bomprosjekt som er vedtatt av Stortinget men som enno ikkje er sett i verk.
- Vi ønskjer at bomtakstane meir reflekterer dei nye føresetnadene som vil liggje til grunn for bransjen, og da opnar vi for å redusere takstar på fleire prosjekt, seier samferdselsminister Ketil Solvik Olsen.
Lågare rente
- Med ei slik overgangsordning vil det vere mogleg å basere bompengetakstane på ei lågare rente enn det Stortinget tidlegare har slutta seg til – dersom lokale styresmakter ønskjer det. Regjeringa har difor i dag gjort framlegg for Stortinget om at Samferdselsdepartementet skal få fullmakt til å forhandle med lokale styresmakter som har stilt økonomisk garanti for prosjekta, og godkjenne ein slik reduksjon i bomtakstar i 13 prosjekt - dersom det er eit ønskje lokalt. Dette gjeld prosjekt som tidlegare er godkjent av Stortinget og der innkrevjinga vil starte før den nye rentekompensasjonsordninga er komen på plass.
- Vi legg òg opp til at slike endringar kan gjerast i prosjekt som blir lagde fram for Stortinget i tida som kjem. For prosjekta som vert omfatta av overgangsordninga er det ein føresetnad at lokale styresmakter forpliktar seg til å leggje dei aktuelle bompengeprosjekta inn i eit av dei nye bompengeselskapa når dei er etablert, seier samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen.
13 prosjekt
Desse 13 prosjekta er omfatta av overgangsordninga når det gjeld prosjekt som er behandla av Stortinget, men der innkrevjinga ikkje er starta opp per 20. juni 2014:
- E18 Melleby – Momarken, Østfold
- E6 Minnesund – Skaberud, Akershus og Hedmark
- E16 Kongsvinger – Slomarka, Hedmark
- E16 Fønhus – Bagn, Oppland
- Riksveg 7 Sokna – Ørgenvika, Buskerud
- E18 Gulli – Langåker, Vestfold
- E134 Stordalstunnelen, Hordaland
- Askøypakka, Hordaland
- E136 Tresfjordbrua og Vågstrandstunnelen, Møre og Romsdal
- Fylkesveg 714 Stokkhaugen – Sunde trinn 1, Sør-Trøndelag
- Fylkesveg 78 Toventunnelen med tilførselsveger, Nordland
- E6 Helgeland nord, Nordland
- E6 Hålogalandsbrua, inkludert E10 Treldal – Leirvik, Nordland
Fleire opplysningar
Prop. 119 S. (2010-2014) Utbygging og finansiering av vegprosjekt og tiltak i Harstad kommune i Troms (Vegpakke Harstad) og overgangsordning for rentekompensasjonsordning for bompengelån (sjå særleg ”7 Overgangsordning inntil rentekompensasjon er etablert”)