Historisk arkiv

Diskuterte radikalisering og valdeleg ekstremisme

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgiver: Europaportalen

Av Ingvild Vereide Nave, EU-delegasjonen

Framandkrigarar er ei utfordring for mange europeiske land. Korleis dagens juridiske rammeverk påverkar vår evne til å møte problemet var temaet på eit seminar i Noregs Hus 6. november.

Framandkrigarar er ei utfordring for mange europeiske land. Korleis dagens juridiske rammeverk påverkar vår evne til å møte problemet var temaet på eit seminar i Noregs Hus 6. november.

Framandkrigarar er menneske som reiser for å kjempe i væpna konfliktar der heimlandet deira ikkje deltek. Konflikta i Syria skiljer seg ut på grunn av den svært høge andelen vestlege framandkrigarar. Desse kan utgjere ein trussel når dei returnerer med kamperfaring og traumar. Nokre av dei er også meir radikaliserte enn før dei reiste.

Sjølv om framandkrigarar langt ifrå er eit nytt fenomen, er det ei utfordring å utvikle lovverk som effektivt møter trusselen knytt til framandkrigarar som returnerer til europeiske land. Mange land arbeider no med å finne ut korleis ein kan bruke dagens lovverk til å takle trusselen.

Presenterte norsk handlingsplan
6. november inviterte Noregs delegasjon til EU og Institute for Strategic Dialogue dei som utformar lovene, dei som handhevar lovene og ekspertar på området til diskusjon om valdeleg ekstremisme.

Statssekretær Laila Bokhari ved Statsministerens kontor fortalde om arbeidet Noreg så langt har gjort på området. I juni la regjeringa fram ein handlingsplan mot radikalisering og valdeleg ekstremisme. Ni departement og Statsministerens kontor samarbeidde om planen, noko som viser kor mange områder som må koordinerast for å effektivt møte problematikken rundt radikalisering.

Handlingsplanen har 30 tiltak for å førebyggje alle typar ekstremisme. Tiltaka femnar om alt frå å gje retningsliner for foreldre til korleis ein på lokalt nivå skal fange opp teikn til radikalisering.

Korleis takle problemet
Etter innlegg frå ekspertar på høgreekstremisme og ekstremistisk islamisme, var det paneldebatt der Marie-Ange Balbinot frå Europakommisjonen, Colin Smith frå EU si utanriksteneste, Jean-Pierre Devos frå det føderale politiet i Belgia, Thomas Hegghammer frå Forsvarets forskingsinstitutt, Vidhya Ramalingam frå Institute for Strategic Dialogue og Christiane Höhn som er rådgjevar for EU sin kontraterror-koordinator deltok.

Her blei det mellom anna diskutert korleis ein kan nytte Schengen-lovane til å fange opp dei som returnerer etter å ha slutta seg til konflikta i Syria, i kva grad ein bør straffeforfølgje framandkrigarar og kva straff som er hensiktsmessig. Kva metodar ein kan nytte for å de-radikalisere personar før eller etter dei deltek i væpna konflikt var også eit viktig tema i diskusjonen.

Internasjonalt samarbeid viktig
Ekstremisme kjenner ingen grenser, og difor er dette ikkje eit problem eit land kan takle aleine. Det var difor naturleg å diskutere korleis ein på best mogeleg måte kan sikre eit godt internasjonalt samarbeid. Samstundes fell dette området utanfor EU sin lovgjevarkompetanse. Så sjølv om EU ser behov for felles regelverk og rutinar, er det opp til medlemslanda sjølv å fatte eige lovverk.

Regjeringa sin handlingsplan femner om alle typar ekstremisme uavhengig av ideologisk grunnlag. Høgreekstreme blir sett på som mindre organiserte, og driv i større grad med småskala vald og trakassering i sine nærområde. Det er viktig at denne gruppa ikkje blir gløymt i førebygginga av ekstremisme. Trendar og taktikkar i desse miljøa spreier seg raskt, og rørslene har fått ein meir internasjonal karakter.

  • LES MEIR:
    Her kan du lese regjeringa sin handlingsplan mot radikalisme og valdeleg ekstremisme.
    Om du ønskjer meir informasjon om norske framandkrigarar sjå PST sine informasjonssider.