Statsbudsjettet

Doblar tilskotet til Skibladner – ”Mjøsas hvite svane”

Regjeringa ønskjer å bidra til vedlikehald og stabil drift av Skibladner, som er verdas eldste hjuldampar i rutegåande trafikk.

Regjeringa ønskjer å bidra til vedlikehald og stabil drift av Skibladner, som er verdas eldste hjuldampar i rutegåande trafikk.

- Vi foreslår at tilskotet til Skibladner blir styrkt med 1 million kroner. Samstundes ønskjer vi å gi ein honnør til det store frivillige engasjementet som er heilt nødvendig for å ta vare på eit viktig kulturminne gjennom aktiv bruk, seier kulturminister Thorhild Widvey.

Skibladner vart bygd på midten av 1800-talet for passasjer- og godstrafikk på Mjøsa.

Fartøyet, som vart freda i 2006, har stor kulturhistorisk verdi både når det gjeld historia til distriktet og norsk historie innanfor samferdsel, næringsliv og teknologi.