Historisk arkiv

Driftsresultat i jordbruket i 2013 er publisert

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

Etter stor framgang i 2012, gjekk jordbruksinntektene ned med 5 prosent frå 2012 til 2013. Årsakene til nedgangen var låge grovfôravlingar og nedgang i mjølkepris og inntekter frå svinehald. Dessutan var det generell kostnadsauke i tillegg til rekordstore investeringar.

Dette viser dei årlege driftsgranskingane utført av Norsk institutt for landbruksøkonomisk forskning (NILF). Driftsgranskingane omfattar rekneskapstal frå 888 bruk fordelt over heile landet.

Kyr på biete.
Etter stor framgang i 2012, gjekk jordbruksinntektene ned med 5 prosent frå 2012 til 2013. (Foto: Anders Mona)