Historisk arkiv

Ei hand i spelet om EU sin forbrukarpolitikk

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgiver: Europaportalen

Av Ingvild Vereide Nave, EU-delegasjonen

Når EU utviklar ny forbrukarpolitikk er Marthe Hårvik Austgulen med på å skaffe kunnskapen som trengs. Ho er ein av over 50 nasjonale ekspertar sendt ut frå Noreg.

Når EU utviklar ny forbrukarpolitikk er Marthe Hårvik Austgulen med på å skaffe kunnskapen som trengs. Ho er ein av over 50 nasjonale ekspertar sendt ut frå Noreg.

Sidan juli i år har 29-åringen arbeidd som nasjonal ekspert for Europakommisjonen i Generaldirektoratet for folkehelse og forbrukarrettar (DG SANCO). Her arbeider ho i avdelinga for marknadsundersøkelsar og forbrukaratferd.

– Vår oppgåve er å halde auge med til eksempel forbrukarmønster og ulike marknadar. Informasjonen vi hentar inn gjennom forsking hjelper EU-kommisjonen å utvikle ny forbrukarpolitikk, fortel Hårvik Austgulen.

Norge følgjer EU-regelverket
Forbrukarrettar er eit viktig område for EU, og gjennom EØS-avtalen innfører vi same regelverk som EU-landa. Dette gjeld mellom anna prismerking, forbrukarkjøp og marknadsføring, som er eit av områda Hårvik Austgulen arbeider med.

Bergensaren er utsendt frå Borne- likestillings- og inkluderingsdepartementet, men arbeidde som forskar ved Statens Institutt for forbruksforsking (SIFO) før ho kom til Brussel.

– No er eg er leddet mellom EU-kommisjonen og dei som utfører sjølve forskinga. Oppgåva mi er å leie prosjekta frå EU-kommisjonen si side. Ein av grunnane til at eg ønskte å bli nasjonal ekspert er at denne jobben er den perfekte mellomtingen mellom forsking og byråkrati. Eg får nytte kompetansen eg allereie har, og på same tid tileigne meg ny kunnskap, fortel Hårvik Austgulen.

Målet med å sende nasjonale ekspertar frå norske departement til EU-kommisjonen er å byggje opp EU-kompetansen i den norske forvaltninga og hjelpe Norge å få innblikk i den politiske utviklinga i EU. På denne måten er det enklare for Noreg å kome med innspel til EU sitt arbeid på forskjellige politiske områder.

Sårbare forbrukarar
Akkurat no er det to forskingsprosjekt som Hårvik Austgulen har ansvar for. Det eine handlar om sårbare forbrukarar, og det andre om marknadsføring retta mot born gjennom spel og applikasjonar.

Omgrepet «såbare forbrukarar» manglar ein klar definisjon. Det kan vere knytta til evna ein person har til å innhente og nytte seg av informasjonen som er naudsynt forå gjennomføre eit kjøp, men også til meir eksterne årsakar som ubalanse i marknaden. Nokre gongar kan ein forbrukar vere sårbar i ein marknad, men ikkje i ein anna. Andre gongar kan det vere knytta til forskjellige livsfasar.

– Poenget med prosjektet er å utforske forbrukarsåbarheit og kva som gjer forbrukarar såbare. Samtlege av dei 28 medlemslanda i EU blir undersøkt, i tillegg til Norge og Island. Målet er å utvikle tiltak som kan gjere forbrukarar mindre sårbare, fortel Hårvik Austgulen.

Rask utvikling på marknadsføring mot born
Med inntoget av smarttelefonar og nettbrett kom også ein jungel av applikasjonar og spel som er blitt eit populært tidsfordriv for born og unge. Mange av dei inneheld reklame og tar betaling. Mellom anna har det vore uheldige episodar der foreldre har fått store telefonrekningar etter at born uvitande har betalt for tenestar i desse spela.

– Akkurat no prøvar vi å finne ut korleis born handterer marknadsføring i ein spelsituasjon. Reklame mot born er strengare regulert enn mot vaksne, og det skjer allereie mykje på dette området. EU har mellom anna gått saman med dei store aktørane, til eksempel Google og Apple, og fått dei til å endre sin praksis, fortel Hårvik Austgulen.

LES MEIR:
Les meir om Norge og EU sitt samarbeid på forbrukarfeltet her.