Statsbudsjettet 2015:

Ein enklare, betre og meir effektiv luftfart

- Regjeringa er oppteken av å leggje til rette for eit effektivt og trygt flytilbod for folk og næringsliv. Vi vil redusere gebyra for luftfartsnæringa og leggje til rette for forenkla overgang på Oslo lufthamn. Regjeringa foreslår òg å auke løyvinga til statleg kjøp av flyruter, seier samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen.

- Regjeringa er oppteken av å leggje til rette for eit effektivt og trygt flytilbod for folk og næringsliv. Vi vil redusere gebyra for luftfartsnæringa og leggje til rette for forenkla overgang på Oslo lufthamn. Regjeringa foreslår òg å auke løyvinga til statleg kjøp av flyruter, seier samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen.  

Regjeringa føreslår drygt 992,2 millionar kroner til luftfartsformål i 2015. Dette er i hovudsak ei vidareføring av løyvinga for 2014. I tillegg føreslår H/FrP-regjeringa fleire grep for å styrkje luftfarten.       

Lågare gebyr for luftfartsnæringa
Regjeringa går i 2015 inn for å redusere gebyra som dekkjer kostnadene som Luftfartstilsynet har med tilsyn av aktørane i luftfarten. Kostnader på til saman 16 millionar kroner som i dag blir dekte av næringa gjennom gebyr, er føreslått finansiert over statsbudsjettet. Endringa kjem som følgje av ein gjennomgang av brukarfinansieringssystemet til Luftfartstilsynet. Fleire av kostnadene som tidlegare var definert som tilsynsoppgåver  er omgjorte til direktoratsoppgåver. Då skal ikkje kostnadane finansierast via gebyr.

Forenkla overgang på Gardermoen
Det skal leggjast til rette for forenkla overgang på Oslo Lufthamn for reisande frå utlandet som skal vidare med innanriksfly. Dette vil bli innført i løpet av 2015 som eit treårig prøveprosjekt. Avinor AS skal finansiere dei auka kostnadene for politi og tollvesen som følgje av prøveordninga.

Tilskot til ikkje-statlege lufthamner
Det er sett av nær 36,2 millionar kroner til drift av rutetrafikk ved ikkje-statlege lufthamner i 2015. Løyvinga omfattar driftstilskot på 12 millionar kroner til Stord lufthamn og 3 millionar kroner til Ørland lufthamn. Løyvinga inkluderer òg 21 millionar kroner i tilskot til flygeinformasjonstenesta ved lufthamnene Skien, Notodden og Stord.

Regjeringa føreslår å innføre ei ny tilskotsordning for ikkje-statlege lufthamner frå 1. januar 2016 som erstatning for den gjeldande ordninga. Føremålet er å få på plass objektive og føreseielege kriterium for statlege tilskotsordningar. Tilskotsomfanget til den nye ordninga vil vere omtrent som i dag. Dei aktuelle ikkje-statlege lufthamna vil i 2015 bli inviterte til å søkje om tilskot frå den nye ordninga.

Auka løyve til statleg kjøp av flyruter
Regjeringa legg opp til å løyve 698,9 millionar kroner til statleg kjøp av regionale flyruter i 2015. Det regionale flytilbodet er viktig for sysselsetjing og busetnad i store delar av landet. Staten kjøper difor tenester på ruter som elles ikkje er bedriftsøkonomisk lønsame.

Avvikling av flyruta Fagernes-Oslo i 2016
Regjeringa går inn for ikkje å vidareføre det statlege kjøpet av flyrutetenester på strekninga Fagernes - Oslo etter  at gjeldande kontrakt går ut 31. mars 2016. Dette betyr at flyruta Oslo - Fagernes ikkje vil bli inkludert i tilbodsopplegget for regionale flyruter i Sør-Noreg som vil bli kunngjort i 2015. Passasjerutviklinga på flyruta Fagernes-Oslo har vore svakt fallande dei siste ti åra. Mellom april 2012 og mars 2013 blei det målt i gjennomsnitt tre passasjerar per flyavgang. Transportøkonomisk institutt har rekna ut at det årlege tilskotet til kjøp av flyruta no er 3 290 kroner per enkeltreise. Når så få passasjerar nyttar flytilbodet, er det ikkje føremålstenleg at staten skal kjøpe persontransport.  I tillegg blir det investert store summar i betre vegforbindelse til regionen.

Når rutetrafikken på flyruta Fagernes - Oslo blir avvikla, er det i utgangspunktet ikkje naturleg at lufthamna framleis skal vere ein del av det statlege nettverket. I samarbeid med lokale styresmakter og næringsliv vil Samferdselsdepartementet difor starte ein prosess med å vurdere framtida for Fagernes lufthamn. Som ledd i denne prosessen vil eigarskapet til staten bli vurdert.

Luftfartstilsynet og Statens havarikommisjon for transport
Til Luftfartstilsynet og Statens havarikommisjon føreslår regjeringa å løyve høvesvis 193,9 og 63,4 millionar kroner. Båe er ei vidareføring frå statsbudsjettet for 2014. I budsjettforslaget for Luftfartstilsynet er det lagt opp til ein auke innafor området innanlands helikoptertryggleik.