Historisk arkiv

Eit godt døme på bruk av tre i nye bygg

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

Statssekretær Hanne Maren Blåfjelldal opna i dag nye studentboligar i massivtre på Remmen ved Høgskulen i Østfold.

Statssekretær Hanne Maren Blåfjelldal opna i dag nye miljøvennlege studentboligar i massivtre på Remmen ved Høgskulen i Østfold, og er imponert over dei nye bygga. 

- Bruk av tre er eit nasjonalt satsingsområde. Studentsamskipnaden i Østfold må verkeleg seiast å ha teke dette på alvor når dei har lagt så stor vekt på miljø og berekraft ved val av byggjemetode av dei nye studentboligane, seier statssekretær Hanne Maren Blåfjelldal i Landbruks- og matdepartementet.   

Studenthusa på Remmen ved Høgskulen i Østfold er utførde med berekonstruksjonar i massivtre, og har eit formspråk som uttrykkjer prosjektet sin miljøprofil. Massivtre gir eit godt innemiljø. Studentboligar har mange inn-  og utflyttingar, og dette gir store belastninger på overflater. For studenthusa i Halden har det derfor vært viktig å velgje material som tåler hard bruk over tid. 

 Statssekretær Hanne Maren Blåfjelldal opna i dag nye studentboligar i massivtre på Remmen ved Høgskulen i Østfold
Statssekretær Hanne Maren Blåfjelldal opna i dag nye studentboligar i massivtre på Remmen ved Høgskulen i Østfold (Foto: LMD)

Klikk på bildene for å laste de ned i stort format. Kan brukes fritt.

 
 Styreleiar Christopher Ludvigsen i Studentsamskipnaden i Østfold, statssekretær Hanne Maren Blåfjelldal i Landbruks.- og matdepartementet og direktør Rita Hirsum Lystad i Studentsamskipnaden i Østfold.
Styreleiar Christopher Ludvigsen i Studentsamskipnaden i Østfold, statssekretær Hanne Maren Blåfjelldal i Landbruks.- og matdepartementet og direktør Rita Hirsum Lystad i Studentsamskipnaden i Østfold. (Foto: LMD)
 
 Frå opninga av nye studentboligar i massivtre på Remmen ved Høgskulen i Østfold.
Frå opninga av nye studentboligar i massivtre på Remmen ved Høgskulen i Østfold. (Foto: LMD)