Historisk arkiv

Statsbudsjettet 2015:

Eit styrkt tilbod gjer det enklare å velje toget

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

– Regjeringa vil leggje til rette for at fleire vel toget i dei store byområda. Vi føreslår difor å styrkje togtilbodet i 2015, mellom anna ved å auke frekvensen på fleire strekningar. Slik kan fleire pendlarar reise kollektivt inn og ut av dei største byane. Folk på Austlandet, sør for Trondheim og langs Sørlandsbanen kan sjå fram til eit betre togtilbod i 2015, seier samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen.

– Regjeringa vil leggje til rette for at fleire vel toget i dei store byområda. Vi føreslår difor å styrkje togtilbodet i 2015, mellom anna ved å auke frekvensen på fleire strekningar. Slik kan fleire pendlarar reise kollektivt inn og ut av dei største byane. Folk på Austlandet, sør for Trondheim og langs Sørlandsbanen kan sjå fram til eit betre togtilbod i 2015, seier samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen.

Regjeringa føreslår nær 3,2 milliardar kroner til statleg kjøp av persontransport med tog i 2015. Dette er om 4,9 prosent meir enn forslaget til den førre regjeringa for 2014. Auken kjem mellom anna som følgje av fleire tilbodsforbetringar for dei reisande, og at NSB får mogligheit til å tinge og setje i trafikk fleire nye togsett.

Forlenging av lokalrutetilbodet på Trønderbanen
I dag går det lokaltog mellom Steinkjer og Lerkendal. Ved å forlengje rutetilbodet til høvesvis Melhus, Ler og Lundamo, opnast ein ny lokaltogmarknad sør for Trondheim. Togpassasjerane i dette området får òg eit direkte togtilbod til og frå lufthamna på Værnes.  Ekstratoga i rushtida skal framleis gå mellom Steinkjer og Lerkendal.

Innføring av ny rutemodell fullførast på Austlandet
I desember 2012 byrja omlegging til ny grunnrute på Austlandet. Ny grunnrutemodell på Austlandet blir fullførd i desember 2014. Det inneber ei omlegging til eit meir oversiktleg togtilbod med auka og jamn frekvens, og betre overgangsalternativ til annan kollektivtransport. Det nye rutetilbodet gir fleire avgangar som er jamnare fordelte utover timen. Dei siste forbetringane er planlagde fyrste halvår 2015. I desember 2014 vil ny grunnrutemodell fullførast ved at:

• togtrafikken på InterCity-strekninga Skien-Lillehammer delast i to: Skien-Eidsvoll og Drammen-Lillehammer. Dette aukar driftsstabiliteten på strekninga Skien-Lillehammer. I tillegg gjer todelinga det mogeleg med timesfrekvens i ein lengre periode i helgene.

• todelinga av Skien-Lillehammer-pendelen gir òg jamn timinutts frekvens mellom Asker og Lillestrøm for tog som berre stoppar på knutepunkta Sandvika, Lysaker, Skøyen, Nationaltheatret og Oslo S.

• lokaltog mellom Asker og Lillestrøm som stoppar på alle stasjonar, vil få ei dobling av frekvensen til avgang kvart 15. minutt.

• Drammen vil få ein auke frå fire til fem tog i timen mot Oslo.

Togrutene frå Moss og Ski forlengjast frå Skøyen til Lysaker/Stabekk når alle arbeida på Høvik stasjon er ferdige i fyrste halvår 2015.

Nye tog på Austlandet
I 2015 skal NSB setje i trafikk nye tog på linene Moss-Lysaker, Skøyen-Mysen og Kongsvinger-Asker. Dei nye toga vil mellom anna gi betre komfort for passasjerane, høgare driftsstabilitet og bidra til auka kapasitet. 

NSB har tinga 15 nye tog som selskapet planlegg å setje i trafikk der setekapasiteten til NSB er nesten sprengd både i og utanfor rushtida. I hovudsak gjeld dette strekninga Skien-Lillehammer.

Dei nye togsetta på Austlandet gjer at det kan setjast inn fleire tog på Jærbanen av den same typen tog som trafikkerar strekninga i dag. Tiltaket gjer det mogleg å køyre med doble togsett i rushtida mellom Stavanger og Egersund, og dette aukar kapasiteten på Jærbanen.

Auka frekvens på Sørlandsbanen
Det er lagt opp til tilnærma totimars frekvens på avgangane mellom Oslo og Stavanger. Dette betyr ein auke frå fire til sju gjennomgåande togavgangar mellom Oslo og Stavanger i kvar retning, og ein auke frå fem til åtte avgangar mellom Oslo og Kristiansand. Nattogtilbodet med sovevogner skal halde fram.

Staten vil ikkje kjøpe persontransport på Bratsbergbanen frå 2015
Staten overtok ansvaret for kjøp av persontransport på Bratsbergbanen som ei fireårig prøveordning i 2011. Ein føresetnad for å halde fram med ordninga etter desse fire åra, var at passasjertalet auka til 100 000 per år. I 2013 var det 48 000 reisande.

Avtalen til staten om kjøp av persontransport med NSB på Bratsbergbanen går ut i 2014. Regjeringa meiner at premissane for å halde fram med ordninga ikkje er oppfylt. NSB er av den oppfatning at det ikkje er potensial for auka trafikk på Bratsbergbanen, og at kostnadene ved drift vil auke.

Frå og med 2015 vil ikkje staten kjøpe persontransport på Bratsbergbanen. I 2015 vil det ved fastsetting av skjønnsramma til Telemark fylkeskommune bli gitt noko kompensasjon for meirkostnader på grunn av dette.

Lokal kollektivtransport er eit fylkeskommunalt ansvar som det er tatt omsyn til i fordelinga av dei frie inntektene til fylkeskommunane. Fylkeskommunen kan eventuelt etablere eit rimelegare busstilbod på strekninga eller oppretthalde togtilbodet.