Enklare kvardag for forbrukarane

Statsbudsjettet 2015

Nå skal det bli enklare for forbrukarane å klage. Forbrukarminister Solveig Horne (FrP) foreslår 18,9 millionar kroner for å styrke dagens klageordning.

Pengane skal gå til å utvide tilbodet om kostnadsfri mekling mellom forbrukar og næringsdrivande.

- Dersom ein forbrukar ønskjer å klage på ei teneste, til dømes kulturtenester, velvære, taxi eller veterinærtenester, er domstolane ofte einaste alternativ i dag. Det er kostbart og tidkrevjande og resultatet er mange gonger at forbrukaren ikkje går vidare med saka og blir den tapande part. Vi vil nå endre dette ved å bygge ut lågterskeltilbodet for forbrukarar i klagesaker, seier Solveig Horne (FrP).

Dersom til dømes ein ny TV ikkje verkar eller ein handverkar ikkje fullfører jobben sin som planlagt, kan ein i dag klage til Forbrukarrådet og eventuelt vidare til Forbrukartvistutvalet. Det er også etablert klagenemnder på ei rekke område, til dømes innan finans-, transport, og eigedomsmeklartenester. Det er likevel mange område innan tenestesektoren der det ikkje er eit tilbod. Det gjer regjeringa nå noko med.

Forbrukarrådet åleine mottek årleg rundt 100 000 førespurnader frå forbrukarar som treng hjelp, og meklar i over 5000 klagesaker. Forbrukarrådet løyser om lag 75 prosent av desse sakene. Eit utvida tilbod om mekling vil føre til fleire saker.

- Derfor styrker vi Forbrukarrådets klageordning med 17,4 millionar kroner i 2015 for å utvide tilbodet om mekling og 1,5 millionar kroner til Forbrukartvistutvalet for å kunne behandle saker av prinsipiell karakter, seier Horne.

Etter regjeringa sitt forslag skal forbrukarane få tilbod om ei rimeleg og effektiv klageordning for nærast alle varer og tenester. Norske forbrukarar skal også kunne klage på forbrukaravtaler uansett kvar i  Europa desse har blitt inngått. Dette gjeld også varer og tenester kjøpt på Internett.

- Det er viktig at forbrukarar som får problem med avtaler om varer og tenester dei har inngått, får bistand til å løyse klagesakene effektivt og rimeleg. Denne endringa vil styrke vernet til forbrukarane når dei handlar i Noreg og i utlandet, seier forbrukarministeren.

For å legge til rette for eit godt fagmiljø går regjeringa inn for å samle dei nye ressursane på ein stad, som blir ved Forbrukarrådets lokalkontor i Tromsø.

Klageordninga vil også vere til fordel for næringsdrivande som enkelt og raskt vil få løyst forbrukarklager. Næringsdrivande vil mellom anna kunne bruke nemndene og meklingsorgana til å skaffe seg erfaringar om korleis forhindre framtidige forbrukartvistar på best mogleg måte.

På Forbrukarrådets nettsider kan ein enkelt finne ut korleis ein klagar på ei vare eller ei teneste.

Utvidinga av klageordninga skal vere på plass i løpet av 2015.

Lovforslaget skal på høyring 08.10.14. Høyringa finn du her.