Historisk arkiv

Fire ministrar møter næringslivet om avskoging

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Klima- og miljødepartementet

Klima- og miljøministeren, næringsministeren, landbruksministeren og fiskeriministeren møter fredag norsk næringsliv for å diskutere avskoginga i utviklingsland.

Klima- og miljøministeren, næringsministeren, landbruksministeren og fiskeriministeren møter fredag norsk næringsliv for å diskutere avskoginga i utviklingsland.

Føremålet er å diskutere korleis norske selskap kan sikre at råvarer frå utviklingsland, slik som palmeolje, ikkje bidreg til avskoging. Den raske avskoginga i mange utviklingsland – som i stor grad kjem frå utviding av landbruksareal – utgjer ei enorm kjelde til klimagassutslipp. Produksjon av soya, palmeolje, papirmasse og storfekjøt bidreg til omlag halvdelen av all tropisk avskoging.

Frå næringslivet deltek blant andre Orkla, REMA 1000, NorgesGruppen, Mondelez, Nestlé, Unilever,  COOP, EWOS, Skretting, Cermaq,  Denofa og Felleskjøpet Agri.

Sundtoft vil orientere om arbeidet med FN sitt klimatoppmøte i New York 23.september, der målet er å etablere ein allianse mellom leiande selskap, organisasjonar og land for å  nå målet om redusert avskoging.

Tid: 19. september klokka 0800. Ministrane er tilgjengelege for pressa klokka 0845

Stad: Klima- og miljødepartementet, Kongensgate 20

Kontaktperson: Kommunikasjonssjef i Klima- og miljødepartementet, Jon Berg