Fiskerireguleringar 2015

Oversikt over fiskerireguleringar for 2015. Oversikta vert oppdatert løpande etter kvart som forskriftene vert fastsette. Sist oppdatert 22.12.2014.

-----------------------------------------------------------------------------------------------------------

Fisket etter kolmule i 2015
Nærings- og fiskeridepartementet har i dag fastsett den norske kolmulekvoten for 2015. Den norske kvoten er sett til 498 173 tonn. Etter dei bilaterale avtalane kan Noreg fiske 80 000 tonn i Færøyane si sone og inntil 102 605 tonn  i EU-sona. Kyststatane held fram forhandlingane om ein kyststatsavtale 19. januar 2015.

Forskrift om regulering av fisket etter kolmule i 2015

-----------------------------------------------------------------------------------------------------------
Fisket etter makrell i 2015
Nærings- og fiskeridepartementet har vedteke forskrift om regulering av fisket etter makrell i 2015. Totalkvote for norske fartøy er sett til 242 078 tonn.

Forskrift om regulering av fisket etter makrell i 2015

-----------------------------------------------------------------------------------------------------------

Fisket etter norsk vårgytende sild i 2015
Nærings- og fiskeridepartementet har  vedteke forskrift om regulering av fisket etter norsk vårgytande sild i 2015. Den norske totalkvoten er på 172 638 tonn. Føresegna som opnar for å drive samfiske for låssetting blir flytta til forskrift om utøvelse av fiske i sjøen, og særskild føresegn om å tilgang til bruk av føringsfartøy blir oppheva. Vidare blir bifangst av sild i brislingfisket endra frå prosent mål i rommål til vekt per landing.

Forskrift om regulering av fisket etter norsk vårgytende sild i 2015

-----------------------------------------------------------------------------------------------------------

Fisket etter blåkveite i 2015
Nærings- og fiskeridepartementet har i dag vedteke forskrift om regulering av fisket etter blåkveite i 2015. Totalkvote for norske fartøy er sett til 9 675 tonn.

Forskrift om regulering av fisket etter blåkveite i 2015

-----------------------------------------------------------------------------------------------------------

Fisket etter kolmule i 2015
Nærings- og fiskeridepartementet har i dag fastsett den norske kolmulekvoten for 2015. Den norske kvoten er sett til 498 173 tonn. Etter dei bilaterale avtalane kan Noreg fiske 80 000 tonn i Færøyane si sone og inntil 102 605 tonn  i EU-sona. Kyststatane held fram forhandlingane om ein kyststatsavtale 19. januar 2015.

Forskrift om regulering av fisket etter kolmule i 2015

-----------------------------------------------------------------------------------------------------------

Deltakerforskriften for 2015
Nærings- og fiskeridepartementet har i dag vedtatt forskrift om adgang til å delta i kystfartøygruppens fiske for 2015 (deltakerforskriften). Det er ikke gjort endringer av betydning i forhold til deltakerforskriften for 2014, heller ikke i fylkesbindingen for den konvensjonelle havfiskeflåten som ble drøftet i Fiskeridirektoratets høringsbrev.

Forskrift om adgang til å delta i kystfartøygruppens fiske for 2015 (deltakerforskriften)

-----------------------------------------------------------------------------------------------------------

Fisket etter torsk, hyse og sei nord for 62°N
Nærings- og fiskeridepartementet har i dag vedteke forskrift om regulering av fisket etter torsk, hyse og sei nord for 62 grader N i 2015. Norsk totalkvote er sett til 414 920 tonn torsk, 89 045 tonn hyse og 105 950 tonn sei.

Forskrift om regulering av fisket etter torsk, hyse og sei nord for 62°N i 2015

-----------------------------------------------------------------------------------------------------------

Fisket etter sild i Nordsjøen og Skagerrak i 2015
Nærings- og fiskeridepartementet har i dag vedteke forskrift om regulering av fisket etter sild i Nordsjøen og Skagerrak i 2015. Totalkvote for norske fartøy er sett til 130 960 tonn i Nordsjøen og 2 908 tonn i Skagerrak. Nytt for reguleringane i 2015 er at det vert gitt høve til kvotefleksibilitet over årsskiftet på gruppenivå for kystfartøygruppa sitt fiske etter sild i Nordsjøen og Skagerrak, på bakgrunn av at vi no har vorte einige med EU om kvotefleksibilitet i Skagerrak.

Forskrift om regulering av fisket etter sild i Nordsjøen og Skagerrak i 2015

-----------------------------------------------------------------------------------------------------------

Fisket etter snabeluer i 2015
Nærings- og fiskeridepartementet har i dag vedteke forskrift om regulering av fisket etter snabeluer i 2015. Av ein totalkvote på 19 600 tonn har departementet sett av 19 087 tonn uer til snabeluerfiske nord for 62˚ N i 2015. Kvoten i år blir fordelt likt på dei fartøya som har rett til å delta i dette fisket. Per i dag gjeld det fartøy med torsketrålløyve eller seitrålløyve med heimel i konsesjonsforskrifta.

Det er lagt opp til at vanleg uer blir beskytta i fisket etter snabeluer, og at snabeluerbestanden blir beskytta i gytetida og i oppveksten.

Forskrift om regulering av fisket etter uer nord for 62° N i 2015

-----------------------------------------------------------------------------------------------------------

Fisket etter lodde i Barentshavet i 2015
Nærings- og fiskeridepartementet har i dag vedteke forskrift om regulering av fisket etter lodde i Barentshavet i 2015. Totalkvote for norske fartøy er sett til 71 980 tonn.

Forskrift om regulering av fisket etter lodde i Barentshavet i 2015

-----------------------------------------------------------------------------------------------------------

Fisket etter reker i Nordsjøen og Skagerrak i 2015
Nærings- og fiskeridepartementet har i dag vedteke forskrift om regulering av fisket etter reker i Nordsjøen og Skagerrak i 2015. Totalkvote for norske fartøy er sett til på 6 346 tonn. Denne vert fordelt med 2 790 i Nordsjøen og 3556 i Skagerrak.

Forskrift om regulering av reker i Nordsjøen og Skagerrak i 2015

-----------------------------------------------------------------------------------------------------------

Forskrift om regulering av fisket etter hestmakrell i 2015
Nærings- og fiskeridepartementet har i dag vedteke forskrift om regulering av fisket etter hestmakrell i 2015. Totalkvote for norske fartøy er satt til 42 690 tonn, inntil 3550 tonn hestmakrell kan takast i EU-sonen i ICES statistikkområde IV.

Forskrift om regulering av fisket etter hestmakrell i 2015

-----------------------------------------------------------------------------------------------------------

Fisket etter sei i Nordsjøen og Skagerrak i 2015
Nærings- og fiskeridepartementet har i dag vedteke forskrift om regulering av fisket etter sei sør for 62. graden for 2015. Norske fartøy kan i 2015 fiske 33 743 tonn sei, noko som er ein nedgang på 5 966 tonn frå 2014.

Forskrift om regulering av fisket etter sei i Nordsjøen og Skagerrak i 2015

-----------------------------------------------------------------------------------------------------------

Fisket etter torsk i Nordsjøen og Skagerrak i 2015
Nærings- og fiskeridepartementet har i dag vedteke forskrift om regulering av fisket etter torsk i Nordsjøen og Skagerrak i 2015. Forskrifta er fastsatt på bakgrunn av resultatet av dei bilaterale forhandlingane med EU i desember. Totalkvote for norske fartøy er sett til 5175 tonn i Nordsjøen og 152 tonn i Skagerrak.

Det vert innført ei prøveordning fra 1. januar 2015 der fartøy med største lengde under 11 meter, i perioden frå og med 1.mai til og med 30.juni maksimalt kan fiske inntil 5 tonn torsk med juksa i Skagerrak utanfor grunnlinjene, forutsatt at eigar/høvedsmann er registrert på blad B i fiskarmanntalet og fartøyet ikkje har adgang til å delta i lukka gruppe i fisket etter torsk med konvensjonelle reiskap i Nordsjøen.

Forskrift om regulering av fisket etter torsk i Nordsjøen og Skagerrak i 2015

-----------------------------------------------------------------------------------------------------------

Fisket etter øyepål i 2015 
Nærings- og fiskeridepartementet har i dag vedteke forskrift om regulering av fisket etter øyepål i 2015. Den norske kvoten er på 163 000 tonn, og fiske er ope frå 1. april til 31. oktober.

Det blir innført eit generelt påbod om bruk av sorteringsrist i fisket etter øyepål. Den tidlegare dispensasjonsordninga frå ristpåbodet blir erstatta med ei ordning der alle fartøy som er eigna, bemanna og utstyrt for produksjon av fisk til konsum produserer, landar og omset konsumfisken (torsk, sei og hyse) til konsumformål.

Det har tidlegare vore tillate å ha inntil 5 % innblanding av sei til oppmaling. Når fartøya som er utstyrt for og ønskjer å ta vare på sei til konsum får høve til dette vil behovet for innblanding falle bort. Retten til å ha inntil 5% innblanding av sei til oppmaling blir derfor fjerna.

Forskrift om regulering av fisket etter øyepål i 2015

-----------------------------------------------------------------------------------------------------------

Fisket etter tobis i 2015
Nærings- og fiskeridepartementet har i dag vedteke forskrift om regulering av fisket etter tobis i 2015. Det er fastsett eit foreløpig forbod mot fiske. Havforskingsinstituttet vil kome med ei tilråding om fisket etter tobis i februar 2015. Nærings- og fiskeridepartementet vil fastsetje ei endeleg forskrift om regulering av fisket etter tobis i 2015 når det ligg føre eit vitskapleg råd frå Havforskingsinstituttet.

Forskrift om regulering av fisket etter tobis i 2015

-----------------------------------------------------------------------------------------------------------

Fisket etter vassild i 2015
Nærings- og fiskeridepartementet har i dag vedteke forskrift om regulering av fisket etter vassild i 2015. Fisket etter vassild opnar 16. februar og totalkvote for norske fartøy er sett til 12 000 tonn.

Forskrift om regulering av fiske etter vassild i 2015

-----------------------------------------------------------------------------------------------------------