Fleire digitale tenester til innbyggjarane

Innbyggjarane har no sikker tilgang til 500 offentlege nettenester gjennom den same innloggingsløysinga, ID-porten. Talet har meir enn dobla seg dei siste to åra.

Innbyggjarane har no sikker tilgang til 500 offentlege nettenester gjennom den same innloggingsløysinga, ID-porten. Talet har meir enn dobla seg dei siste to åra.

- Dette syner at satsinga på felles offentlege IT-løysingar får fart på den digitale tenesteutviklinga. ID-porten gir innbyggjarane tilgang til stadig fleire digitale tenester kvar som helst, når som helst. Slike satsingar gir meirverdi både for samfunnet og den einskilde innbyggjar. Samstundes effektiviserer det offentleg sektor og gjer nettenestene meir brukerretta og einskapelege, seier Paul Chaffey, statssekretær i Kommunal- og moderniseringsdepartementet. 
 
240 kommunar nyttar ID-porten til sikring og personalisering av skjematenester, læringsplattformer, politikarportalar, karttenester og bookingtenester. Teneste nr. 500 på ID-porten er Stavanger kommune. Kommunen tilbyr innlogging for foreldre og føresette til læringsplattformen It’s learning. Milepålen blei markert under ekommunekonferansen i Stavanger der kommunen fikk påskjønning av statssekretæren.
 
- Stavanger kommune opnar skuleåret 2014/2015 med å gi foreldre og føresette tilgang til ein læringsplattform. Dette opnar for betre kommunikasjon og samhandling mellom skule og heim. Det er no slutt på at eleven har med lappar i skulesekken om foreldremøte, endringar i timeplanar og prøvar, sa Chaffey under markeringa. 

ID-porten gir sikker tilgang til meir enn 500 nettenester frå over 350 offentlige verksemder, og er ei drifta av Direktoratet for forvaltning og IKT. ID-porten gir innbyggjarane valet mellom fire elektroniske ID-ar: Den offentlege MinID og dei private løysingane BankID, Buypass og Commfides. 

 

Kommunal- og moderniseringsdepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.